LokalnyttLokalsport

Mot nasjonal topp i langrenn

Kristine Hjellbakk Hole på heimebane, under Sunnylvscup på ski i 2018. (Foto frå arkivet)

Langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole hadde ei flott helg under Norgescup for junior. Eit fall under sprinten øydela for ei verkeleg topplasering.

Det er langt mellom kvar gong vi ser Sunnylven IL på resultatlister nasjonalt i langrenn. Men med Kristine Hjellbakk Hole er det håp, 17-åringen som er elev ved NTG på Lillehammer. Ho ønska seg dit og fekk plass fortel far Hans Hole. Der er eit langrennsmiljø, trenarar og alt som må til for å bli god i «dei kvite spora». Der blir det trena under kyndig rettleiing to timar fyrst på kvar skuledag, før anna teoretisk læring. Ho har fått fornya tillit og skuleplass og blir der også neste skuleår.

I helga var det NC junior med Åsen IL som arrangør. Kristine Hjellbakk Hole var ein av deltakarane mellom 120 andre i klasse K 17.

Fredag stod 5.0 km. klassisk på programmet, ikkje den sterkaste stilarten i følgje far Hans, men Kristine kom inn til plass nr. 30. Ein sterk prestasjon og berre 1.50 etter vinnaren Emma Kirkeberg Mørk, Drammens ballklubb som har nærmast vore uslåeleg i denne årsklassa så langt i vinter.

Dagen etter var det sprint i fri teknikk og her starta det svært godt, med eit resultat som nærmast vart eit lite gjennombrot for sunnylvsløparen. For i prologen fekk ho 11. beste tid, 8.0 sek. bak vinnar og var soleklart vidare. Også kvarten opna godt og låg fint i sitt heat på femte plass, der ho hadde fått beskjed om å ligge før innspurten. Men så, i ein av siste svingane vart det fall, truleg etter eit skøytetak over skia til konkurrent. Dermed var sprinten over for denne gongen for Kristine Hjellbakk Hole.

Siste renn under NC junior var 5.0 km. fri teknikk på søndag. Eit nytt sterkt renn som gav 20. beste sluttid, berre 1.01 bak Maria Hertz Melling frå Konnerud IL.

Kristine Hjellbakk Hole hadde ei flott langrennshelg på og kring Åsen stadion med far og mor til stades. No blir det nokre treningsrenn i tida framover før det er junior-NM på Savalen 9. og 10 mars. Kristine vil stå oppført på nasjonale resultatlister med NTG-L, men også med Sunnylven IL bak namnet.

Kristine Hjellbakk Hole går fyrste år som junior og er Sunnylven IL sin beste langrennsløpar i dameklassa. (Foto frå arkivet)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380