Nybygg til Hornindal skule under tak

Nybygget til Hornindal skule er bygt saman med Honndalshallen og riggar godt i landskapet.

Oppdraget med nybygg til Hornindal skule gjekk til HT Bygg AS på Hellesylt. Etter oppstart i oktober i fjor er bygget kome under tak. No blir det ein tørkeperiode med varme og avfukting.

Hornindal skule er det største enkeltoppdraget til HT Bygg AS så langt. Byggfirmaet frå Hellesylt er totalentreprenør og anbudet på rundt 30.0 mill kroner omfattar alt frå grunnarbeid til ferdig innreidd skulebygg i to etasjar og med eit teknisk rom på toppen. Bygget har ei golvflate på litt over 1300 kvadratmeter.

Nyleg møtte vi byggeplassleiar Geir Frøysa som viste oss rundt i bygget. Nye Hornindal skule er eit såkalla miljøbygg, reist i massivt tre på ein støypt ringmur og golv. Dei innvendige veggflatene er ferdig behandla frå produsenten, og utvendig blir det etterisolert og kledd med bord og steniplater. Produsenten av veggelementa er norsk og held til på Kongsvinger.

Vannboren varme skal varme opp romma i heile nybygget.

Geir Frøysa fortel at dei er litt etter det oppsette byggetidsskjemaet. -Det har gått bra sjølv om leverandøren ville meir enn dei makta. Vi er ikkje heilt i rute grunna litt forseinka leveransar og store snømengder like etter nyttår, men det er ikkje meir enn at vi skal jobbe det inn igjen. Heile bygget skal stå ferdig til 1. oktober, men vi har lova at skulen skal få ta i bruk deler av bygget til skulestart i haust då eit gamalt bygg skal rivast i sommar.

Det var kniving om anbodet på Hornindal skule. HT Bygg Hellesylt gjekk sigrande ut, og firmaet kjenner slike byggemateriale frå tidlegare etter som dei for eit par år sidan utførte tilbygget til Norsk Fjordsenter i Geiranger. Det var også oppført i massivt tre.

Som totalentreprenør har HT Bygg hatt eit tett samarbeid med ART i prosjektering der Gitte Langlo, Stranda er dagleg leiar. På det meste har åtte mann arbeidd med skulebygget, eit arbeidet som har gått utan uhell, seier Geir Frøysa. Han har hatt besøk av verneombod som kontrollerer små avvik i tryggleiken.

Som sjef for eit så stort bygg har det blitt nokre vakne netter , spesielt kring jul då vermeldinga ikkje var heilt gode, fortel Geir Frøysa. Saman med prosjektleiar Tarjei Korsbrekke hadde dei fleire turar til Hornindal for å sjå at plast som skulle verne veggane var på plass. Han fortel at nybygget er dimensjonert for jordskjelv. –Det er eit solid bygg og eg garanterer at det skal tole vanleg godt Vestlandsk ruskever.

Geir Frøysa viser fram dei innvendige veggane som er ferdig behandla frå leverandøren.

Byggeplassleiar Geir Frøysa kunne vise fram eit tett nybygg ved Hornindal skule. No pågår tørke og avfukting innvendig.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380