Ønskjer innspel til arbeid med næringsplan
I januar 2018 vart det bestemt å lage ein Strategisk næringsplan (SNP) for Stranda kommune. Planprogrammet har no fått politisk godkjenning og arbeidet med planen kan starte opp.
Stranda kommune har ikkje hatt ein gjeldande Strategisk næringsplan. Ein slik plan skal mellom anna avklare kva mål, tiltak, ansvar og rolle kommunen som verksemd har, og kva næringslivet har i høve næringsutvikling.
Næringssjef Inge Bjørdal er prosjektleiar og saman med ei arbeidsgruppe vart det halde møte nyleg. –Kommunen og arbeidsgruppa er svært interessert i å få innspel til arbeidet. Ta kontakt med prosjektleiaren eller til medlemer av arbeidsgruppa med innspel til planarbeidet, seier Inge Bjørdal.
Referat frå møtet kan ein lese her; https://www.stranda.kommune.no/handlers/fh.ashx?FilId=1005
For å lage ein oppdatert næringsplan treng ein eit planprogram som verktøy. Planprogrammet vil bli lagt ut slik at interesserte skal ha høve til å kome med kommentar. Når endeleg planprogram er vedteke kan arbeidet med Strategisk næringsplan for kommunen ta til.
Planen skal mellom anna omhandle;
*Kva som kjenneteiknar næringslivet i Stranda kommune
*Sterke og svake sider ved næringslivet og næringsstrukturen
*Behov for tilrettelegging, vidare næringsutvikling og nyetablering
I planen skal det også vere med punkt som omhandlar;
*Organisering av arbeidet med næringsutvikling
*Bedriftsretta næringsutvikling
*Generell Næring –og bygdeutvikling.
Alt om planprogram for Strategisk næringsplan kan ein lese her; https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/anna-naringsliv/strategisk-naringsplan/planprogram-snp/
Sjå også eiga kommunal nettside som blir oppdatert med opplysningar kring arbeidet med Næringsplan for Stranda kommune; https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/anna-naringsliv/strategisk-naringsplan/