Perfekt start på meisterskap i Hyttehola

Landsdelsmeisterskap i skiskyting blir arrangert av skiskyttargruppa i Sunnylven IL. Laurdag var det sprint med strafferundar og søndag normalprogram med tillegg i tid for kvar bom.
Knappe 130 løparar stilte til start i Vestlandsmeisterskapen i skiskyting. I anlegget i Hyttehola var forholda optimale, vindstille, opphaldsver og godt preparerte løyper.
Arrangørklubben Sunnylven IL stilte med 13 løparar, men det var tilreisande frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Volda som toppa resultatlistene. Sunnylven skiskyting er inne i eit generasjonsskift og då heimehåpet Elias Helset i G 14 misslukkast på standplass på andre skyting vart det ingen å sjå på sigerspallen denne gongen. Men i morgon søndag er det nye sjansar for løparar både frå arrangørlag og tilreisande. Då er det normalprogram med tillegg i tid for kvar bom. Rennet startar kl. 11.00.
Konkurransen laurdag gjekk unna perfekt. Rennleiar Magne Brekke kunne berre gå rundt og sjå at dei 60 funksjonærar gjorde jobben flott og til toppkarakter.
Teknisk delegert for rennet, Bjørn Tore Årevik, Vik IL og Karl Petter Hove, Volda hadde mange lovord å kome med. Anlegget i Hyttehola er flott både med bygg og løyper. Utfordringa er at det er berre 15 blinkar og då hender det at løparar må vente på tur for å skyte. Men vi har stoppeklokker og tek ventetida som løparen får i fråtrekk frå sluttida. Faktisk kan det vere ein fordel å kunne vente også, då går gjerne pulsen litt ned, sa Karl Petter Hove.
Også løypene og prepareringa fekk topp karakter av Hove sin TD-kollega. Bjørn Tore Arevik hadde gått gjennom løypene før start og hadde berre lovord. Arrangøren sin unge løypekøyrar Ottar Frøysa Hellebostad hadde gjort ein god jobb.
I det store og det heile vart fyrste dag av landsdelmeisterskapen i skiskyting gjennomført så godt som perfekt, sa TD Karl Petter Hove.
Resultat frå laurdag kan du lese her: