Lokalnytt

Til Fylkesfinalen i UKM

KILT på scena i Storfjord kulturhus under UKM, frå venstre Mats, Knut Iver, Anna Kristine, Espen, Bertine og Simen. (Foto: Trond Otto Berg)

Ungdomsbandet KILT frå Hellesylt deltok i UKM på Stranda søndag 3. februar og sikra seg plass til fylkesfinalen i Møre og Romsdal. Også fire andre frå Stranda kommune gjekk vidare til fylkesfinalen i Kristiansund.

Ungdomsbandet KILT er eit «produkt» frå Stranda kulturskule og har vakse fram frå klasseromma ved Sunnylven skule. Det starta i august 2017 fortel Anna Kristine og Espen, to av bandmedlemmane som framleis går ved Sunnylven skule. Dei andre fire er reist ut til andre læringsplassar, i Ålesund, Sykkylven og Ørsta. Dermed blir det øvingar berre i helgane, då er alle samla, gjerne saman med kulturskulelærar Erik Torset.

Tek speleoppdrag

Torset har fylgd dei seks i bandet heile tida så lenge KILT har spela saman og han er ein god læremeister, seier dei to. Og speleoppdraga har vore meir enn deltaking i UKM, det har blitt både ved tilstellingar på skulen, andre underhaldningskveldar og ikkje minst under sommardagane i bygda og programmet frå utescena.

-Vi synest det er artig å spele saman og vi kjem til å halde på lenge, for no går det bra. Så om nokon vil ha litt musikk i eit festleg lag er det berre å ringe. Vi kjem til å takke ja til nær sagt alle oppdrag om vi får tilbod, seier Anna Kristine og Espen.

Skal vinne

Men fyrste helga i mai skal dei til Kristiansund for å konkurrere. –Der skal vi sjølvsagt vinne heile greia og kome oss til landsfinalen, seier dei to.

Espen Ringdal og Anna Kristine Storstein Forbord spelar og syng i KILT. Det er kjempekjekt, synest dei to.

KILT består av Mats Forbord el-gitar, Bertine Lade bass, Knut Iver Skjortnes Røyrhus slagverk, Espen Ringdal el-gitar, Simen Frøysa Hellebostad tangentar, og Anna Kristine Storstein Forbord vokal. Under UKM framførte dei låta «Back in the USSR».

Lika traktorar

Og så var det bandnamnet, korleis og kvifor vart det heitande KILT. Jau, her er forklaringa Anna og Espen gav. –Vi prata mykje og lenge om kva vi skulle kalle oss, vi hadde våre spesielle interesser alle og lurte på om vi kunne finne eit bandnamn ut frå det. Mellom anna visste vi at trommeslageren vår Knut Iver lika traktorar. Og der kom namnet. Vi sette saman fyrste bokstav i dei fire orda og dermed vart det KILT. Eit flott bandnamn og Knut Iver har ein flott grøn traktor heime som i veit han likar, seier dei to og smiler.

Andre til fylkesfinale

Også fire andre frå Stranda kommune skal til fylkesfinalen i Kristiansund i mai. Signy Andrine Korsedal gjekk vidare med songen «Took a Choice», Lea Sofie Langstøyl Ulstein med songen «Issues», Sekulic stilte i kunst og gjekk vidare med biletet «Frost», og Ronja Vågsæter i same kategori med bilete ho kalla «Blackout».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380