Unge sunnylvingar på skyttarpallen

To skarpskyttarar frå Sunnylven skyttarlag, brørne Ørjan t.v. og Isak Frøysadal Hauge, begge med medaljer frå Landsdelsstemne sist helg.

Sist helgen var det Landsdelskretsstemne i Møre og Romsdal, og meisterskapen blei arrangert i Langevåg.

 Av Ola Vangen

Brørne Isak og Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag gjorde det sterkt i sine klasser, eldre rekrutt og rekrutt. Isak vann klasse eldre rekrutt som einaste skyttar med fullt hus, 350 poeng. Ørjan tok 2. plassen i rekrutt med sine sterke 348 poeng, eitt poeng bak vinnaren.

 I tillegg til dette var dei to også representantar for Sunnmør i samlagsskytinga for ungdom. Der var det overlegen sigar, heile 11 poeng betre enn Nordmør som tok 2.-plassen. På vinnarlaget i tillegg til dei to brørne var Martine Sve og Ola-Johan Dybvik, høvesvik frå Stranda og Langevåg.

 Beste sunnylving mellom seniorane vart Ivar Fivelstad med poengsummen 340 og ein 26. plass, Kjell Oddvar Frøysa og Ola Vangen nådde 339 poeng på 37. og 38. plass. Dag Andre Hauge oppnådde 333 poeng og 55.plass, men med eit skot for lite. Det deltok totalt 68 deltakarar i seniorklassa.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380