Varslar vegstenging på SMS.

Snøbrøyting i Norangsdalen.

Fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen er av dei mest skredutsette vegane og blir stengt ved skredfare eller skred. No startar Statens Vegvesen med SMS-varslinga når vegen kan bli/blir stengt.

Statens vegvesen har starta med SMS-varsling når fv. 655 gjennom Norangsdalen i Ørsta og Stranda blir stengt.

Dei som ønskjer å få varsel på SMS må sjølv melde seg på tenesta. Tenesta skal gi betre informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengt eller er planlagt stengt, og når vegen opnar igjen.

Les meir på nettsidene våre.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Prosjektleiar Odd-Einar Hjellen, telefon 975 27 431

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380