Årsmøte i Sunnylvsbygda Grendalaget.

Sunnylvsbygda Grendalag har halde årsmøte og lagt fram årsmelding og eit rekneskap som viste solid økonomi i laget.
Både hus og eigedom elles er i god stand etter store påkostnader dei siste åra. I tillegg til møter og den årlege Saudehaudfesten har grendahuset vore utleigd til åremålsdagar, konfirmasjon og barnedåp. Også 4H-klubben Fjellrosa er brukar av huset, og Sunnylven Bygdekvinnelag leiger eit lite lagerrom.
Rekneskapen balanserte med ei omsetning på knappe 82.000.- med eit overskot på 4.000.- for 2018.
Også alle val gjekk greitt unna. Det er ingen grunn til å endre på noko som fungerer godt. Heile styre med leiar, varamedlemer og valnemnd tok attvalde ved handklapping.
Valde vart:
Leiar: Erna Hellebostad
Nestleiar: Olav Lade
Kasserar: Oddbjørg Stadheim
Skrivar: Jørgen Helset
Styremedlemer: Margreta Helset Janssen, Kristoffer Frøysa, Alf Ole Sundgot
Varamedlemer:
1.Jørn Stadheim
2.Åse Stadheim
3.Jarle Hole
Valnemnd: Arne Frøysa, Egil Røyrhus, Wenche Solli
Revisorar: Oddrun Lødøen Helset, Kjell Arne Helset