Best frå fylket

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL er Møre og Romsdal sin beste juniorløpar i langrenn. På Savalen opna ho fyrste dag med 19. plass i 5.0 km. klassisk.
I K 17 kom Kristine Hjellbakk Hole, NTG-L/Sunnylven IL på 19. plass fredag, 1.47 bak vinnaren Maria Hertz Melling, Konnerud IL. Det var eit godt løp, ho er i bra slag, seier rapporten frå Savalen. Tidsmessig var ho nærare toppen på klassisk fredag enn tidlegare i vinter. Under Norges cup på Konnerud i januar var avstanden til vinnaren 45 sek større.
Resultat K 17
1.Maria Hertz Melling, Konnerud IL 17.24.4
2.Emma Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb 17.29.9
3.Pernille Karlsen Antonsen, Lyn Ski/ Team Kollen 18.04.8
19. Kristine Hjellbakk Hole NTG-L/Sunnylven IL 19.11.5
Av andre løparar frå Møre og Romsdal kom Ludvig Vartdal, Emblem IL på 36. plass i M 19/20, Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL vart nr. 33 i K 18, og Vilde Lorgen Øvrebust frå same klubb kom på 67.-plass.
Søndag er det 7.5 km. fristil for Kristine Hjellbakk Hole.