LokalnyttLokalsport

Birkebeinerrennet laurdag

Frå start på Birkebeinerrennet på Tingstadjordet, Rena. (Foto frå arkivet)

Laurdag blir Birkebeinerrennet arrangert for 81. gong. Starten er i år som mange gonger før på Rena og målgang 54.0 km. etter på Birkebeineren skistadion, Lillehammer.

Vermeldinga lovar opphaldsver, 3.0 minus og svak vind både på Rena og Lillehammer laurdag morgon. Det skulle ikkje by på smørjeproblem for løpet som går i klassisk stil.

Fleire tusen sprekingar er påmelde til årets styrkeprøve på langrennski. For å gjere det enklare for deltakarane er utlevering av startnummer og liknande flytta frå Rena sentrum til start på Tingstadjordet. Dit kan ein også køyre med private bilar i år. Les meir her: https://birkebeiner.no/no/aktuelt/nyhet-alt-pa-rena-til-startomradet

To deltakarar frå Sunnylven IL

Sunnylven IL stiller med to deltakar i 2019, Anniken Hjellbakk Hole (K Elite) og Olav Erling Aaland (M Elite). Anniken er kjent i terrenget over Skravmstadsætra, Kvarstaddammen og Sjusjøen etter å ha gått Birken til merke 7 gonger tidlegare. Olav Erling går Birken for fyrste gong for Sunnylven IL. Forma skal vere god så han hentar nok heim sitt fyrste merke. Aaland har gått fleire gode renn i Trondheim der han bur og jobbar.

Frå Stranda IL deltek Anders Hellevik (35-39). Han har fire merke frå tidlegare.

Knut Anders Hatlen (M Elite) frå same klubb må vel reknast som veteranen mellom lokale løparar med 17 merker tidlegare. Nyleg fullførte han Vasaloppet til 97. plass totalt og medalje på tungt føre.

Lars Olav Westerås, Geiranger IL (25-29) er også påmeldt til start. Han har 1 merke frå tidlegare.

Hans Kristian Stadheim, (30-35) som er britisk landslagstrenar i langrenn har sikra seg 11 merker frå før. I år deltek han for Lyn Ski, Oslo-klubben med 70 løparar på start på Rena.

Frå Hornindal IL deltek Reiner Aaland (M Elite) som går for sitt 14 merke.

Historia

Turen over fjella frå Rena til Lillehammer går den motsatte vegen av det birkebeinarane Torstein Skjevla og Skjevald Skrukka la ut på i 1206. Dei bar med seg kongsbarnet Haakon Haakonsøn for å redde det frå baglarane, kanskje på litt dårlegare ski enn det dagens løparar stiller med. Men over kom dei og kongsbarnet kom i sikkerheit, fortel soga. Ryggsekken som løparane ber med seg i dag skal ha om lag same vekt som kongsbarnet, 3.5 kilo.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380