Lokalnytt

«Coop ryddar Norge»

Om få dagar kan butikksjef ved Coop Marked Hellesylt, Michelle De Vries dele ut gratis hanskar og søppelsekkar for ryddedugnad. Ho oppmodar unge og eldre til å ta del og samle saman søppel ein måtte finne.

-Hellesylt og området rundt er ein vakker plass. Den må vi halde rein og ryddig.

Det seier butikksjef ved Coop Marked, Hellesylt, Micelle De Vries som synest Hellesylt er ein flott plass å både besøkje og bu på.

–Fine ting må vi stelle pent med. Men når vinteren etter kvart er slutt kjem det fram ting som ikkje høyrer til i naturen og det må vi fjerne, seier ho.

«Coop ryddar Norge» er ei kampanje som kjem i gang også i år og der butikkjeda deler ut hanskar og søppelsekkar gratis til alle som vil ta eit tak for å halde naturen rein. I år skjer det ved 250 butikkar mot 130 i fjor.

Michelle ved Coop Marked sende ein søknad i januar om å bli med og svaret var positivt. No oppmodar ho unge og eldre til å vere med på ryddesjauen.

-Vi kom med som ein av dei heldige. No får vi ryddeutstyr til 300 personar til gratis utdeling, og i tillegg set Norsk Gjenvinning ut ein conteiner der søpla kan kastast, også det gratis. Blir conteineren full får vi ein ny. Få hanskar og søppelsekkar gratis og ta turen, plukk opp plast, papir, boksar og flasker, eller anna, alt som ikkje høyrer til i vakker natur. Sjølv fann eg ein gamal utgådd sko ein dag eg gjekk tur, fortel butikksjefen.

Den store ryddeveka er frå 27. april til 4. mai. Ruskeconteineren blir henta 7. mai.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380