Deltek i Junior-NM
Langrennsjenta Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er mellom fleire hundre deltakarar under junior-NM på Savalen med Tynset IL, Fåset IL og Alvdal IL som arrangørklubbar.
Frå fredag 8. til søndag 10 mars er det junior-NM på Savalen. Her stiller Møre og Romsdal skikrets med 15 deltakarar og hovudleiarar er Pål Bjørn Øvrebust, Stordal og Jan Erik Westerås, Stranda.
Emblem IL er representert med tre deltakarar og fleire klubbar har to. Sunnylven IL stiller med 17 år gamle Kristine Hjellbakk Hole som går skule på Lillehammer. Sist helg var ho heim ein tur og deltok på sprint i Valldal og i turklassikeren Honndalsrennet. Kristine viste god NM-form med siger og beste prologtid uansett kvinneklasse i Valldal, og også i Honndalsrennet gjekk dei 20.0 km. raskt unna på nest beste tid av damene. Om Kristine styrer unna sjukdom og uhell kan vi forvente gode plasseringar av sunnylvs-løparen på Savalen.
Fredag går Kristine 5.0 km. klassisk med start kl. 10.00
Laurdag er det 7.5 km. fristil kl. 10.00
Søndag går krinsstafettar, men kva etappe Kristine skal gå for Møre og Romsdal skikrets er ikkje kjent. Stafetten går over 4 etapper på 3.75 km, to i klassisk og to i fristil.
Deltakarar frå Møre og Romsdal skikrets:
Eskil Glomnes – Valldal IL
Kristine Hjellbakk Hole – Sunnylven IL
Ludvig Vartdal – Emblem IL
Live Vestre Røkke – Stordal IL
Vilde Lorgen Øvrebust – Stordal IL
Vilde Lange – Vistdal IL
Adrian Flote – Stordal IL
Håkon Bakke Kjerstad – Emblem IL
Mathias Lied – Liabygda IL
Åsmund Jakobsen – Emblem IL
Andreas Hjelle – Hovdebygda IL
Mikkel Gautvik – Molde og Omegn IF
Karsten Andre Vestad – Molde og Omegn IF
Eskil Engdahl – Torvikbukt IL
Sander Engdahl – Torvikbukt IL