Den fyrste svana

Kvar vår får Helsetvatnet i Sunnylvsbygda besøk av svaner som er på trekk. No er den fyrste koma, men fleire kjem nok etter kvart, både vaksne og gråfarga ungfuglar.

Isen ligg på nesten heile Helsetvatnet, men alt no tidleg i mars er den fyrste svana koma. Ein kvit, vakker fugl som har funne seg ein stad i ei vik av vatnet der isen er borte. Her hadde ho det fint i sola og med nok mat, gras som veks i vatnet. Kanskje litt einsamt, ho håpar nok på at fleire kjem etter kvart.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380