Lokalnytt

Driv eigen Naprapat- og helseklinikk

Naprapat Liv Hilde Vågsæter ved lokala på Hellesylt. Her tek ho mot pasientar kvar tysdag.

Nordvest Naprapatklinikk bestemte seg for å legge ned kontor i Stryn og på Stranda frå 1. mars i år. Naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Stranda held fram behandlingstilbodet på Stranda og Hellesylt gjennom firmaet Rehabspesialisten.

Liv Hilde Vågsæter jobba tre år ved Nordvest Naprapatklinikk sine kontor i Stryn, Stranda og Moa i Ålesund. No når den tidlegare arbeidsgjevaren har trekt seg ut held ho fram i privat regi. I tillegg til fast jobb ved Intersport på Stranda driv Liv Hilde eigen naprapat- og helseklinikk i lokale på Stranda og på Hellesylt.

På Hellesylt har ho teke over leigekontrakta på lokale ved Sunnylven omsorgssenter. Der har ho vore etablert frå hausten 2017 og blir det framleis kvar tysdag. Ho er nøgd med kundebesøket, men påstå ikkje at sunnylvingar har skrøpelegare helse enn andre. Litt beskjedent trur ho likevel at ho har fiksa nokre helseplager hos enkelte som har vore innom.

Om nokon lurer på noko om kropslege svakheiter og om det kan hjelpe med eit besøk ved klinikken er det berre å ringe tlf. 996 46 318 eller gå inn på facebook-sida mi, seier Liv Hilde Vågsæter. Kva behandling ho kan utføre kan alle lese på nettstaden www.rehabspesialisten.no

Det var etter initiativ frå Sunnylven sanitetslag hausten 2017 at naprapat Liv Hilde Vågsæter starta opp behandlingstilbodet på Hellesylt. Sanitetslaget gjorde jobben med søknader og fekk ordna med eit høveleg lokale i kjellaren ved omsorgssenteret. I samarbeid med Sparebanken Møre vart det kjøpt inn behandlingsbenk, anna naudsynt utstyr og ordna med gardiner og avskjerming.

-Sanitetslaget har vore ein god støttespelar. Eg har ikkje vore på Hellesylt utan dei, seier Liv Hilde Vågsæter.

Det var hausten 2017 at Liv Hlde Vågsæter starta opp naprapatklinikk i lokale ved Sunnylven omsorgssenter

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380