Lokalnytt

Flotte fjell for X2 Festivalen i Sunnylvsbygda

Helsetkopen med utsikt ned Sunnylvsbygda mot Hellesylt.

I 2016 var fleire sportsøvingar under X2-Festivalen lagde til Sunnylvsbygda og Hellesylt. Etter to års fråvær er Norges største vintersportsfestival tilbake i området helga 29 – 30 mars.

Det var trivelege dagar i 2016 då X2 Festivalen med mange utøvarar i X2 Festivalen konkurrerte i luftrommet over Sunnylvsbygda. No får den vinterstille bygda ny liv og røre i to dagar når friskusar i Speedflying og basehopping kjem tilbake helga 29. og 30. mars.

Ein søknad frå arrangøren til Stranda kommune om bruk av helikopterflyging til startområder på Helsetkopen og Hurklutefjellet vart imøtekomen. Det er flott at kommunen er positiv til slike søknader då det foregår på ei årstid som ikkje uroar verken hekkande fuglar eller beitedyr. Også Ålesund-Sunnmøre Turistforening har uttala seg til søknaden og har ingen innvendinger, og ønskjer X2-Festivalen lukke til med arrangementet.

Stranda kommune tek dei vanlege atterhald om aktsam flyging utan ulempe og skade for natur, menneske og dyr, og avklaring om landingsløyve hos grunneigarar.

Frå øvingane i 2016. Basehopparane har fått sine premiar, laga av Martin Janssen. Sportssjef Cato Nordbakk med mørke solbriller. (Foto frå arkivet)

Det er basehopparen Cato Nordbakk som er sportssjef for basehopping frå 1246 meter høge Helsetkopen med landing 1100 meter lavare i området ved Helsetvatnet. Marius Helland Bøstrand er sportssjef for Speedflying med start frå 1323 meter på Hurklutefjellet like ved Helsetkopen og med landing nær same område som basehopping.

Speedflying og basehopping foregår fredag 29. og laurdag 30. mars, men begge aktivitetane er svært veravhengige så her kan det lett bli endringar. Det same gjeld ein tredje luftsport, fallskjermhopping som denne gongen er lagt til Hovden flyplass i Volda/Ørsta.

-Vi har valgt fjell som gir deltakarane trygge rammer og svært visuell oppleving av omgjevnadane. I tillegg til å avvikle gode konkurransar er det ei målsetting for festivalen å filme våre luftaktivitetar. Festivalen ynskjer å bidra til positiv merksemd og då er val av vakre locations viktig, heiter det mellom anna i søknaden frå X2 Festivalen og festivalkoordinator Eirik Waage.

Her landar ein deltakar i speedflying med ski på tøya mark ved Helsetvatnet. (Foto frå arkivet)
Også fallskjermhopping var lagt til midt i Sunnylvsbygda i 2016. Her ein nøgd gjeng etter trygg landing. (Foto frå arkivet)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380