Lokalnytt

Friviljug i Finnmarksløpet

For fjerde år på rad er Ann Kristin Langeland frivilleg funksjonær under Finnmarksløpet. Ho er på Jotka, eit sjekkpunkt som ligg 5 mil frå Alta. Her er enkle forhold, -men ei ferieveke eg nødig vil byte ut, skriv Ann Kristin.

 Tekst/foto: Ann Kristin Langeland.

Saman med to veninner er Ann Kristin Langeland plassert på Jotka, framleis ei av få Statens Fjellstue i drift, og skriv:

 -Det er Lisa og Steinar Kristensen som er oppsitjarar her no, ei oppgåve Lisa har teke over frå sine foreldre. Steinar har vore aktiv hundekøyrar i mange år, og i år deltek han på 1200 km, og vi gledar oss til å helse han velkomen hit på retur på fredag. Livet på Jotka har fått ein eigen episode i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». 

Finnmarksløpet har 3 klasser, junior, 500 km og 1200 km. For alle klassene er det start og målgang i Alta sentrum. Jotka er første sjekkpunkt for juniorklassa og 500 kilometeren og vi er siste sjekkpunkt for alle tre klassene. 

 På sjekkpunktet har vi på startdagen hjelp av fleire frifillege. I år var vi omlag 20 stk som då hadde ansvar for å ta imot alle spanna, syte for at dei vart registrert og godt oppstalla. Her hadde dei to timar obligatorisk kvil, og det er eit herleg syn – og leven når vi hadde over 500 topptrente huskyar liggjande på halm. Flinke veterinærar syter for god helsesjekk av alle hundane og god dyrevelferd er det viktigaste for alle. Nokre hundar blir tekne ut av spanna, det kan vere grunna skade eller slitasje. Då er det vår oppgåve å syte for stell og omsorg for hundane fram til vi får transportert dei ut med scooter til bilveg.  Gjennom veka har vi døgnvakt for å følgje med på alle spanna som kjem på retur. Alle må stoppe her på Jotka for å registrere både seg sjølv og hundane. 

Eg vert stadig meir fasinert over hundekjøyringa, det er ekstremsport av høg klasse. Mil etter mil losar hundane spanna gjennom snø og storm, kjøyrarane står på sleden heile tida, og vi har teke imot mang ein frossen og sliten kjøyrar. Men same kor slitne dei er, så slurvar dei aldri med stellet av hundane. Hundane vert lagde på halm, får mat, massasje og rosane ord. Eg har framleis til gode å høyre at nokon har brukt kjeft på hundane sine. I år er det særleg 19 åringen Hanna Lyrek som har imponert, ho kom hit inn til Jotka som nr to, men dei siste mila suste ho forbi leiarspannet og kom først over målstreken som vinnar av 500 km. Ei fantastisk jente som kan sitt fag. 

På fredag kjem dei første spanna på 1200 km på retur, då går det i eitt fram til vi reiser tilbake til Alta på laurdag ettermiddag. Her på Jotka har vi denne veka hatt eit nydeleg ver, mykje sol og blå himmel. Det vert mange timar med venting for oss, men når vi kan sitje i halmsofaen under stjernehimmel og nordlys, så er det fine timar. Sjølv om gradestokken ofte syner mange blå grader, så nyt vi det. Vi er innlosjerte i relativt enkle kår, vi har eit par timar med straum for dag og hentar vatten i elva, men likevel er dette ei ferieveke eg nødig vil byte ut med andre meir komfortable ting.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380