Fylkesmannen godkjenner rehabilitering

Sunnylven skule skal rehabiliterast. (Foto frå arkivet)

I januar sende Stranda kommune brev til Fylkesmannen og bad om stadfesting på den planlagde rehabiliteringa av Sunnylven skule. No er det kome svar på henvendelsen.

Fylkesbredskapssjef Stine Sætre skriv at området som Sunnylven skule ligg på er avsett til undervisningsføremål i gjeldande plan. Reguleringsføresegnene opnar for vidare utbygging innafor dette området. Rehabilitering og eventuelt tilbygg er i utgangspunktet avklara i planen, under føresetnad av at bygget skal nyttast til same funksjonar som føresegna opnar for, heiter det i svaret.

I svare kjem fylkesberedskapssjefen inn på faren for flodbylgje generer av fjellskred. Formelt kan kommunen gjere endringar på skulen som ein byggesak, så lenge endringane er i tråd med overordna plan. Men Sætre skriv at kommunen i si sakshandsaming må vurdere om det framleis er rett å vidareutvikle skulen i fareområde for flodbølgje frå fjellskred på gjeldande unntaksvilkår. Unntaka legg til grunn at viktige funksjonar vert flytta på trygg stad over tid, sjølv om unntaksvilkåra gjev kommunen moglegheiter til ei viss utvikling i fareområder,

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380