Lokalnytt

Gamleskulen er gjeldfri

I 2013 tok Gamleskulen Aktivitetsmuseum opp lån for å restaurere taket på skulen. No er bygget i god stand og gjeldfritt.

På årsmøtet i Gamleskulen Aktivitetsmuseum vart det lagt fram både årsmelding og rekneskap som fortalde om god aktivitet og økonomisk styring i året som er gått. Foreininga hadde 139 betalande medlemer i 2018 og vart støtta med ekstra pengegåver frå fleire.

Det har blitt halde fleire arrangement i den gamle skulestova, både under Hellesyltdagane og før jul. Huset vart også nytta under overrekking av Godt Vern-prisen som gjekk til restaurering av husmannsplassen Kurlå, og elevar frå Sunnylven skule har brukt lokalet som klasserom fleire gonger.

Vedlikehald siste året har vore behandling mot mott og det er blitt utført ein del elektrisk installasjon og brukt leidningar og brytarar i gamal stil. Også utvendig vart det stelt til. Til våren er det planer om ein del beplanting.

Etter ei omsetning på rundt 60.000.- kroner kom foreininga ut med eit overskot på knappe 4.000.-. Gamleskulen fekk 20.000.- kroner i Teft-middlar frå Sparebanken Møre og hadde knappe 8.000.- i brutto inntekt på arrangement. Medlemskontingent og gåver utgjorde 23.850.- i 2018.

Medlemskontingen for 2019 vart på årsmøtet vedteke uendra, kr. 100.-

Val. Kari Hauso Stadheim held fram som leiar i styret for Gamleskulen Aktivitetsmuseum. Andre i styret er: Odd Jostein Bjørdal, (attval) Marit Ljøen, Eldrid Skrede, Arne Ringdal (ny).

Varamedlemer: 1.Fredrik Stadheim, 2.Stein Karstensen, 3.Ann Kristin Langeland.

Valnemnd: Liv Jorunn Sporstøl, Annvor Tryggestad.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380