Lokalnytt

Gler seg til X2 Festivalen og besøk

Martin Janssen har samla nokre av premiane han gjev vekk til utøvarane under X2 Festivalen når dei kjem til konkurransar på Helset siste helga i mars

Margreta og Martin Janssen har garden sin på Helset i Sunnylvsbygda. Både våningshus og jordet kring er samlingsstad og fri-camp når fjellet Helsetkopen er arena for luftige svev.

Like under Helsetkopen og på vide, flate jorder ved Helsetvatnet landar basehopparar og speedflyarar under X2 Festivalen i år. Her ligg garden til Margreta og Martin Janssen og her har dei hatt «open gard og hus» fleire år under luftsportsarrangement. Slik blir det også i år, seier Martin. I og kring tunet blir det lagt til rette for parkering og camping for deltakarane, og med tilgang til andre fasilitetar. For eit par år sidan vart kjellaren på våningshuset utvida med vaskerom, dusj og toalett som utøvarane kan nytte seg av.

Betalt av eigne middlar

-Mange trur at vi tener oss rike på å vere base for dei tilreisande utøvarane, men det er heilt feil. Vi har alltid hatt «ope hus» utan å krevje noko tilbake. Samhald og fordragelegheit mellom oss og dei mange tilreisande frå fleire land er betaling god nok for oss, seier Martin Janssen.

Utbygginga av dei nye kjellarromma har han og kona betalt frå eiga lommebok. Han har søkt om tilskot frå det kommunale næringsfond, men om han får noko veit han ikkje.

Premiebordet klart

No gleder både Martin og Margreta seg til nytt besøk på garden under X2 Festivalen. Og som tidlegare har Martin klart eit stort og variert premiebord som han vil dele ut til utøvarane.

-Eg hadde ikkje høyrt noko, eg trudde basehoppinga skulle foregå i Loen i år som i fjor, men vart glad når eg las på hellesylt.info at det var lagt til Helset og Hellesylt, seier Martin.

Og sjølv om gla`nyheita kom brått på har han premiebordet klart. Tredreiing er spesialiteten til Martin og gjenstandane pyntar han gjerne opp litt ekstra på sin kunstferdige måte. På stovebordet har han samla litt av det deltakarane kan få med seg heim, men har enno fleire ting klare i verkstaden, fortel han.

Heller ikkje premiane tek Martin Janssen betaling for. –Eg har glede av å glede andre, og ikkje minst gjere bygda og Hellesylt kjent både i Norge og til resten av verda, seier kunstnaren og gratisverten under Helsetkopen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380