Gode stafettar av Møre og Romsdal

Møre og Romsdal sitt stafettlag for kvinner, frå venstre Live Johanne Vestre Røkke, Kristine Hjellbakk Hole, Vilde Røysdatter Lange, Vilde Lorgen Øvrebust.

Junior-NM på Savalen med over 1000 deltakarar vart avslutta med stafettar for kvinner og menn på søndag. Kristine Hjellbakk Hole gjekk ankeretappa for Møre og Romsdal.

Det var 27. plass for Møre og Romsdal over fire gange 3.75 km. stafett for kvinner i junior-NM. Dei fire på laget, Vilde Røysdatter Lange, Vistdal IL, Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL, Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL og Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL var 5.02.7 etter vinnarlaget.

Feil etappetider

Buskerud 1. vann på 44.42.4, på andre plass kom Akershus Skikrets 1. 44.54.7 og på tredje Oslo Skikrets 1. 45.58.8.

På ei god siste etappe i fristil gjekk Kristine Hjellbakk Hole laget sitt fram eit par plassar. Kor god etappetida var er ukjent då arrangøren miste kontakt med tidtakarsystemet under vegs for fleire av laga. Sluttida skal vere rett, men fleire etappetider som ligg på til dømes langrenn.com er altså feil. Arrangøren jobbar med å få fram rette etappetider så langt det er råd, har vi fått opplyst.

Godt NM

Stafetten for menn vart vunnen av Oslo Skikrets 1. 51.53. Møre og Romsdal 1. kom på 22. plass, 54.33.2.

Det vart eit godt NM for Kristine Hjellbakk Hole, elev ved NTG-Lillehammer og framleis flott representant for Sunnylven IL. Skule og treningsopplegg i OL-byen frå 94 har gjeve god framgang, spesielt var 19. plassen i klassisk imponerande og litt overraskande. Også løpet i fristil og 16. plass laurdag var sterkt.

Klar for Norgescup-finale

Det går mot slutten på ein lang skisesong, men fyrst er det Norgescup avslutning på Lygna 29. -31. mars. Dei 50 beste samanlagt får delta der. Kristine ligg på 26. plass og er klar, det same er Live Johanne Vestre Røkke på 49. plass.

Av mannlege løparar frå Møre og Romsdal deltek Mikkel Gautvik, Molde & Omegn IF, Karsten Andre Vestad, Molde & Omegn IF, og Ludvig Vartdal Emblem IL.

Kristine Hjellbakk Hole (Alle foto: Hans Hole)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380