Ikkje ny kraftproduksjon i Sunnylven.

Bygdaelva i Steimsåsane (Foto frå arkivet)

Etter anke har Olje –og energidepartementet gjort om NVE sine konsesjonar for kraftutbygging av Langedalselva Kraftverk og Hauge Kraftverk. Begge har fått avslag.

Det blir ingen kraftproduksjon frå dei to planlage kraftutbyggingane, Langedalselva Kraftverk og Hauge Kraftverk i Sunnylven. Røyrhus Kraftverk fekk stadfesta sin konsesjon. Vedtaket frå departementet er endeleg og kan ikkje ankast.

-Dette var veldig overraskande vedtak. Etter eit møte i fjor sommar var intrykket at alt var greitt, men no kom det fleire grunngjevingar på avslaget til dei to største utbyggingane, seier marknadssjef i Stranda Energi AS, Frode Langelo. Det er Stranda Energi AS som har inngått avtale med fallrettseigarane, utarbeidd søknadar og søkt om konsesjon for dei tre utbyggingane i Sunnylven, Årsproduksjonen i Langedalselva kraftverk var berekna til 20.4 Gwh, Hauge Kraftverk 13.5 Gwh og Røyrhus Kraftverk til ein årsproduksjon på 6.95 Gwh.

Samla ville det bli over 41.0 Gwh ny miljøvenleg, fornybar energi.

Som følgje av avslaget for Langedalselva Kraftverk og Hauge Kraftverk blir det truleg heller ikkje utbygging av Røyrhus Kraftverk då kostnaden med opprusting av linjenettet vil bli for høg til at prosjektet kan bli lønsamt, får hellesylt.info opplyst.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380