Ingen søkte som kyrkjetenar

Sunnylven kyrkje.

Stillinga som kyrkjetenar i Sunnylven er framleis ledig. No tek konfirmantane jobben fram til sommaren.

Kristin Storstein har vore kyrkjetenar i Sunnylven kyrkje, men har søkt om eitt års permisjon. Å få tilsett ny i stillinga ser ut til å vere vanskeleg.

–Då søknadsfristen gjekk ut 25. februar hadde ingen søkt. No er det gjort avtale med konfirmantane fram til sommaren om å klargjere, rydde og støvsuge etter tilstellingar i kyrkja. Dei får betalt for jobben, dei sparer pengar til klasseturen sin, seier sokneprest Stein Karstensen.

Skulle det vere nokon som kan tenkje seg å vere kyrkjetenar fast, er det berre å ta kontakt sjølv om søknadsfristen er ute, seier Karstensen.

Innsamling til Kirkens Nødhjelp

-Tysdag 9. april kjem konfirmantane rundt med innsamlingsbøsser for Kirkens Nødhjelp. I år er dei berre fem konfirmantar så då blir det litt store roder om dei skal dekke heile Sunnylven. Så eg håper nokon andre også har tid og høve til å hjelpe med innsamlinga i roder som konfirmantane ikkje rekk over, seier sokneprest Stein Karstensen. Ta kontakt med soknepresten eller på kyrkjekontoret.

Her er oppsette roder: Treng hjelp der konfirmantar ikkje går!

*Vollset til og med Hole: (Her går konfirmant)

*Frøysa: (Her går konfirmant)

*Frå Olav Lade og til og med Korsbrekke og Hellebostad: (Her går konfirmant)

*Røyrhus

*Tronstad og nedover til og med Lillebø

*Nebbedalen, Tryggestad og Langeland

*Ringdalen, Solveien, øvste Reset og Hilde Røyrhus: (her går konfirmant)

*Nedste Reset til Helsehuset. Brauta og Ljøen: (Her går konfirmant)

*Området Høgebru og Hellesylt sentrum

*Sunnylven omsorgssenter

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380