Konsesjonsnekt stoppar ny vasskraft
-Vi må bruke våre lokale ressursar til å skape levedyktige lokalsamfunn, seier næringssjef Inge Bjørdal som meiner politikarar har fått abdisere og vegrar seg for ubehagelege vedtak.
-Dette er eit vedtak der intensjonen truleg har vore å balansere ønsket om ny kraft med omsynet til miljø og ønsket om overgang til bruk av meir grøn energi. Men ved å avslå konsesjon til dei to største vil heller ikkje Røyrhus kraftverk bli bygd. Åleine kan ikkje Røyrhus kraftverk forsvare kostnaden med ei forsterking av overføringslinja til Tomasgard i Hornindal. Dermed ramlar heile kortstokken for vasskraftutbygging her i området.
Det seier næringssjef i Stranda Inge Bjørdal i ein kommentar til konsesjonsavslaget til Langedalselva kraftverk og Hauge kraftverk. Han legg til at som følgje av ei for dårleg overføringsline får dermed heller ikkje to av småkraftverka som er i drift i Sunnylven i dag, levere den mengde energi dei har fått løyve til å produsere etter konsesjonsvilkåra.
Begrensar produksjonen
-Stans i fornying av lina vil oppretthalde denne situasjonen. Det kan kanskje gjere det meir aktuelt å sjå meir på mulegheitene for å produsere hydrogen av overskotskrafta. Men det må eigarane svare ut, seier næringssjefen og held fram:
Ikkje landstraum
-Ein annan viktig konsekvens av avslaget til dei to kraftprosjekta er at dette også blokkerer sjansane for at vi i framtida kan få etablert landstraum på Hellesylt kai. Med dei svært strenge restriksjonane som no kjem på verdsarvfjorden ville landstraum på Hellesylt kai gjere det mogeleg å ta inn båtar som elles vil vere blokkert frå å bruke fjorden.
I det heile hadde eg forventa at slike overordna perspektiv vart lagt til grunn når ei sak kjem heilt opp på departementsnivå. Med det meiner eg at ein burde sjå/setje desse prosjekta inn i eit større samfunnsmessig perspektiv der både næringsutvikling, miljø og lokalsamfunnsutvikling vert sett i samanheng.
Lokale ressursar må utnyttast
Dersom ikkje små bygdesamfunn får utvikle dei ressursar vi har trur eg at storsamfunnet vil måtte betale prisen på sikt. Vi vert klientifiserte i staden for at vi kunne utvikle oss på dei stadeigne ressursane vi har og vere sjølvgåande og levedyktige, seier Bjørdal.
-Mykje er overlate til det private næringslivet, både i denne saka som i andre utbyggingssaker av infrastruktur, fiber, mobil og liknande. Politikarane har på mange måtar fått lov å abdisere frå rolla si ved å overlate samfunnskritiske beslutningar til private selskap.
Dersom vi ikkje evner å skape levedyktige lokalsamfunn vert verdiane av dei lokale ressursane våre heller ikkje eit gode som fører bygda framover.
Vatnedalsprosjektet
Næringsjef Inge Bjørdal er skuffa over avslaget, men også kritisk til det som har skjedd tidlegare i saker om vasskraftutbygging i Sunnylven. Han peikar mot det største og kanskje mest lønsame prosjektet, nemleg utbygging i Vatnedalen. Her var Sogn og Fjordane Energi interessert utbyggar, men utbygging vart det ikkje noko av.
-SFE har gjennom ei utruleg stivbeint haldning lagt skulda for at dette prosjektet ikkje har kome vidare over på grunneigarane til vassdraget som etter ein lang og utmattande prosess berre sit att med eit hefte på eigedommane sine. Dei har øydelagt det aller beste prosjektet i heile kommunen, i alle fall dersom ein ser på økonomisk berekraft. I staden for å seie frå seg alt ansvar burde NVE gått inn og overstyrt SFE i denne saka, meiner næringsjef Inge Bjørdal.