LokalnyttLokalsport

Krinscupavslutning i skiskyting

Frå starten i G 14. Elias Helset med startnr. 86.

Elias Helset kom på andre plass samanlagt etter avslutningsrenna i krinscup skiskyting sist helg. Volda Turn & IL skiskyting var arrangør av renna som vart avvikla på Ullsheim grunna snømangel i Volda.

Sunnylven IL skiskyting hadde ti deltakarar på laurdag og sju på søndag. Snøforholda på Ullsheim i Markane var gode, men ein litt sjenerande vind laurdag gjorde skyteforholda vanskelege. Søndag kom med gode skyteforhold, men ein del bom hos enkelte må nok skrivast på kontoen for spenning i kamp om dei gjevaste premiane i krinscupen i dei eldste klassene.

Elias Helset i Gutar 14 år låg på andre plass før avslutningsrennet etter Marius Sætre Hove, Volda. Med eit godt renn søndag hadde han sjansen til å hente heim samanlagttittelen, men misslukkast på standplass i andre skyting. Han sikra likevel andre plass i krinscupen samanlagt etter Marius Sætre Hove, Volda Turn og IL. Sølvplass på laurdag var beste plassering denne gongen.

Elias Helset har vore Sunnylven IL skiskyting sin beste utøvar denne vinteren og andre plass i krinscupen og sølvmedalja frå Landsdelsmeisterskapen eller VM er resultat som bør stimulere til ny satsing også neste sesong.

Sander Sjåstad Hole

Her er resultat frå deltakarane frå Sunnylven under krinscupavslutninga med treff skyteresultat:

Laurdag 09 mars:

G 14: 2. Elias Helset (2-1)

J 12: 4. Sofie Kjellstad (3-1) 6. Tonje Støverstein (3-0)

G 12: 8. Johannes Friestad 3-3)

G 10 Nybyrjarar: Sander Sjåstad (1-1) Kristen Brenne Ringdal (2-1) Oskar Ringdal (0-0)

Jenter 9-10: Marta Friestad (1-1) Ingeborg Fivelstad Stadheim (3-2)

G 11: 4. Trym Helset (3-5)

Søndag 10. mars:

G 14: 5. Elias Helset (4-5)

G 12: 8. Johannes Friestad (3-4)

G 10 Nybyrjarar: Sander Sjåstad Hole (0-0) Oskar Ringdal (0-1)

Jenter 9-10: Marta Friestad (4-1) Ingeborg Fivelstad Stadheim(3-4)

G 11: 4. Trym Helset (3-1)

Marta Friestad
Ingeborg Fivelstad Stadheim
Trym Helset
Johannes Friestad

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380