Mange frå Sunnylven deltok på krinsrenn på Harpefossen

Bildetekst: Oskar Ringdal deltok på sprint på søndag.

Sunnylven IL stilte med heile ni deltakarar i helga når Stårheim IL arrangerte krinsrenn på Harpefossen Skisenter. I klasse G10 Nybegynner og yngre deltok Sander Sjåstad Hole både på normaldistanse på laurdag og sprint søndag. Oskar Ringdal deltok på søndag. Denne klassa skyt på stor blink.

Sander Sjåstad Hole klar til start

I klasse J10 var Marta Friestad med både laurdag og søndag. Ingeborg Fivelstad Stadheim deltok på sprinten på søndag.

Bildetekst: Her er Marta (nr. 23) og Ingeborg klar til start på søndagens sprintrenn.

Trym Helset går i klasse G11 og vart nummer to både på laurdagen normaldistanse og på sprinten. Begge dagar vart Truls-David Takle Tytingvåg frå Hardbagg IL for sterk.

I klasse J12 vart Sofie Kjellstad nummer 3 på laurdag og nummer 4 på søndag. Tonje Støverstein vart nummer 6 på laurdag og nummer 5 på søndag.

Tonje Støverstein.

Sofie Kjellstad

Johannes Friestad går i klasse G12 og vart nummer 6 på normaldistansen og nummer 7 på søndag.

Her er Johannes på veg over målstreken etter gjennomført sprintrenn.

I klasse G14 fekk Elias Helset tredjeplass på laurdag og andreplass på søndag.

Elias Helset vart nummer 2 på sprinten søndag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info