Møte for treningsinteresserte på Hellesylt

Margrethe Fjetland Løvold har allsidig utdanning innan fysisk trening og held seg fagleg oppdatert. Ho kan bli din personlege trenar for å oppnå god helse og prestere best mogleg på alle arenaer.
Margrethe Fjetland Løvold er 29 år, født og oppvaksen i Stavanger, men bur no på Stranda. Dit flytta ho og sambuar i desember i fjor der ho jobbar ved Stranda Treningssenter.
Margrethe flytta til Oslo i 2008 og hadde som mål å bli dansar og jobbe med det som profesjonelt, men ein skade la alle planar i grus. Det vart i staden utdanning med ein bachelor i ernæring på Høgskulen i Oslo, om kroppen sin oppbyggning og korleis styrketrening kan forebygge og hindre skader.
Frå 2011 har Margrethe Fjetland Løvoll hatt jobbar som personleg trenar og gruppeinstruktør for både private og bedriftstilsette. Ho er sjølv svært aktiv med springing og satsar som ultraløpar. Dei Sunnmørske fjell og fjordar er flotte og både ho og sambuar trivast, står å lese i ein e-post hellesylt.info har fått tilsendt.
Måndag kveld 11. mars kjem Margrethe Fjetland Løvold til Hellesylt for å møte og dele kunnskapar med treningsinteresserte. For å starte og trene treng ein ikkje vere i god form, men ved å bli inspirert til meir aktivitet og få gode kost- og treningsrutiner vil god form byggje etter kvart. Margrethe tilbyr treningstips for unge og eldre, enkelpersonar eller for grupper.
Så ta turen til Sunnylven samfunnshus måndag kveld klokka 19.30 og få inspirasjon eller avtal fysisk trening med Margrethe Fjetland Løvold.