Ny bestetid i Barcelona maraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste opna sesongen i Barcelona sist helg med ny personleg bestetid på heilmaraton. (Foto: Privat)

Kari-Anne Tryggestad Ryste har ikkje lagt løpeskorne på hylla. I helga sprang ho Barcelona maraton på ny personleg bestetid.

På ein flott dag gjennom gatene i den Spanske OL-byen frå 1992 som under løpet «bada» i sol og over 20 grader sprang Kari-Anne i mål på 3.36.-. Det var personleg bestetid, ei forbetring på 1.30 frå fyrste gong ho deltok i 2017.

Tida på heilmaraton søndag heldt til 32. plass mellom 700 deltakarar i klasse K 45 – 54 år. Sprekt, og vi i hellesylt.info gratulerer så mykje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380