Ny leiar i Storfjordens Venner

Nyvald leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal flankert av avtroppande mannskap Kjell Løseth til venstre og Bjørn Steinar Skarbø. (Foto: Helge Søvik)

På årsmøtet i Storfjordens Venner laurdag vart Inge Bjørdal frå Sunnylven vald til ny leiar. Han tek over styreleiarklubba etter mangeårig leiar Kjell Løseth.

Inge Bjørdal kjem rett inn i leiinga til Storfjordens Venner. Han er den fyrste frå Sunnylven som har bekledd toppleiarvervet i verneorganisasjonen for fjord -og fjellgardar i Storfjordområdet og tek over etter mangeårig styreleiar Kjell Løset frå Straumgjerdet.

Også nestleiar Bjørn Steinar Skarbø, Ørskog takka av på årsmøtet i Valldal laurdag 23. mars. Begge fekk sterk ros for innsatsen gjennom mange år.

Årsmøtet vart halde på Muritunet i Valldal. I tillegg til vanlege årsmøtesaker og servering, kåserte Stein Arne Fauske om «Husmannsplassar langs Storfjorden».

På årsmøtet vart det opplyst at årets Storfjordstemne blir på Stokke i Oaldsbygda søndag 2. juni.

hellesylt.info kjem med meir frå årsmøtet seinare.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380