LokalnyttLokalsport

Ny sterk plassering i junior-NM

Kristine Hjellbakk Hole i mål etter nok eit godt langrenn laurdag

Det vart tre plassar fram og ny sterk plassering for Kristine Hjellbakk Hole under junior-NM på ski. Laurdag var distansen 7.5 km. fristil for K 17.

Som på fredag var det Maria Hertz Melling som vann også laurdag. På andre plass kom Anna Heggen NTG-L/ Svear Skilag som går skule og i same treningsgruppe som Kristine frå Sunnylven IL. Laurdag var det 7.5 km. fristil og Hjellbakk Hole kom inn til ein sterk 16. plass, 1.45.7 etter vinnaren.

Dermed er to sterke plasseringar i individuelle renn i boks. Søndag er det krinsstafettar og der går Kristine Hjellbakk Hole siste etappe for Møre og Romsdal. Etappa går i fristil.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380