Ønskjer forslag på kandidatar til Frivillighetsprisen
Det er klart for å sende inn forslag på kandidatar til ”Frivillighetsprisen” 2019. Frist for innsending av forslag er 12. april.
Frivillighetsprisen skal vere ein heider til personar eller organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeide gjennom ei årrekkje i Stranda kommune.
Prisen vart oppretta i 2007 av styret i Stranda Frivilligsentral i samarbeid med frivillige lag/organisasjonar og Sparebanken Møre. Frå 2017 har styret i Frivilligsentralen hatt vervet som jury. Styret er samansett av representantar frå alle bygdelag.
No ønskjer Frivilligsentralen forslag på kandidatar for 2019.
-Vi ynskjer med dette å sette fokus på alle dei som er bærebjelken i samfunnet vårt, utan friviljugt arbeid hadde samfunnet vårt stoppa opp. Det er mange i kommunen vår som bidreg med stor innsats, så hjelp juryen ved å sende inn forslag på dette års kandidat. Sjå gjerne utanfor dykkar eigen organisasjon, heiter det i kunngjeringa som er sendt ut til lag og organisasjonar i heile kommunen.
Frå Sunnylven har Ole Aasen, Marianne Fivelstad og Åge Gjørvad fått prisen tidlegare. Andre prisvinnarar er: Helge Vongraven, Stranda, Lars Vassli, Liabygda, Charles Myren, Stranda, Rune Maråk, Geiranger, Unni og Einar Lied, Liabygda, Jan Longva, Stranda, Elsa Hagebakk, Stranda, Leidulf Årvik, Stranda, Terje Rusten, Geiranger.
Framlegg av kandidatar til ”Frivillighetsprisen” kan fremjast av enkeltpersonar, lag/organisasjonar og foreiningar. Skriftleg framlegg med god grunngjeving må sendast innan 12.04.19
Forslag utan god grunngjeving blir ikkje teke med i juryarbeidet. Ei linje med eit namn er ikkje nok, skriv Stranda Frivilligsentral.
Forslag sendast til:
Stranda Frivilligsentral
v/Aud Tomasgard Berstad
Øyna 13
6200 Stranda
eller e-post : audber@stranda.kommune.no