Peer Gynt Galleriet med ny heimeside.

Peer Gynt Galleriet, kunstsenteret på Hellesylt har fått heimeside i ny drakt

Kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet har fått ny heimeside, ei meir forteljande utgåve om kunstsenteret på Hellesylt enn den gamle.

Når ein loggar seg inn på den nye heimesida til senteret blir fyrste møte med skodespelar Dennis Storhøi. Han inviterer til eit besøk på Peer Gynt Galleriet midt i Hellesylt sentrum der store treskurd-relieff er plassert. Denne utstillinga med kunst i verdsklasse etter kunstnaren Oddvin Parr med motiv frå diktaren Henrik Ibsen sitt drama Peer Gynt, vart opna i 2002.

I same bygg finn vi ei Verdsarvutstilling sett saman av designar Anne Jorun Sæten og opna i 2018. Den nye heimesida til senteret presenterer både utstillingane og serviceretta verksemd med både bilete og tekstar.

Logg inn på. http://www.peergyntgalleriet.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380