Lokalnytt

Pizzarestaurant jubilerer

På sommardagar er det godt besøk ved den populære pizzarestauranten midt i Hellesylt sentrum. (Foto frå arkivet)

I mai er det 20 år sidan Øcal pizzarestaurant etablerte seg på Hellesylt, eit jubileum som skal bli markert med både kaffi, kaker, underhaldning og meir fyrste helg i mai.

Øcal Restaurant på Hellesylt har dagope frå 1. april, same dato som turistferja startar opp sesongen på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Restauranten ved Hellesyltfossen er ein populær stad og har spesielt godt ry for sine mange variantar av pizza, men også anna servering.

Jubileumsdag

Laurdag 4. mai blir 20-års jubileet markert, fortel restaurantvert Ramazan Øcal. På den store dagen slår vertskapet litt på stortromma med servering av kaffi og kaker på dagtid, og om kvelden spelar trubadur Tico til underhaldning og dans. Ei lita overrasking blir også planlagt, fortel Ramazan. Han håper mange tek del i feiringa av 20 år med pizzarestaurant på Hellesylt.

Påsketreff

Også i påska i april er treffstaden i Hellesylt sentrum open, då blir det lange opningstider ved Øcal Hellesylt. Ikkje berre for servering av mat og forfriskingar, men etter nokre år utan spesielle arrangement satsar Ramazan Øcal og hyrer inn underhaldning til påskeaftan, laurdag 20. april. Trubadur Odd Arne Fløtre spelar frå klokka 22.00 til 02.00. Det bør mange få med seg, og det er fri inngang for alle aldersgrupper, får vi opplyst.

Det var Tahir Øcal til venstre som starta opp pizzarestauranten på Hellesylt for 20 år sidan. Her saman med Ramazan Øcal i lokala som vart pussa opp i 2018. (Foto frå arkivet)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380