Lokalnytt

Prisar til Stranda Vidaregåande skule

Både ordførar Jan Ove Tryggestad og næringssjef Inge Bjørdal var fulle av lovord om smaksprøvene på lanseringsfesten i desember i fjor. Signy Korsedal t.v., Marie Vangen og Trine Tomasgard delte ut smaksprøvene.

Sjølv med fleire gode plasseringar vart det ikkje deltaking i NM for ungdomsbedrifter frå Stranda vidaregåande skule i år.

Under fylkesmessa Ungt Entrepremørskap på Molde nyleg vart det topplasseringar for to ungdomsbedrifter frå Stranda vidaregåande skule.

Munnfull UB, ein pudding med råstoff av tjukkmjølk og egg vann fyrste pris i kategori Beste foretningsplan, og det vart tredje pris i klasse Beste yrkesfaglege bedrift.

Appen Ibsen Hellesylt UB kapra andre pris i kategori Beste kundeopplevelse på nett, og tredje pris for Beste markedsføring.

I desember i fjor var nettstaden hellesylt.info og fleire invitert til lanseringsfest for ungdomsbedriftene ved Stranda Vidaregåande skule. Der vart vi betre kjent med elevane bak produkta, og anna informasjon.

Munnfull UB er ein proteinrike puddingen, laga av tjukkmjølk og egg frå Røros, og litt anna. På standen under lanseringsfesten møtte vi tre av elevane bak produktet som delte ut smaksprøver. Det var eit godt produkt, noko også ordførar og næringssjef var samstemte om.

Ibsen@Hellesylt UB er eit flott verktøy som turistar og andre kan gjere seg nytte av for å få informasjon om det som er av sjåverdige ting og opplevingar i og rundt Hellesylt. Appen har tekst på fleire språk.

Nettstaden hellesylt.info gratulerer Stranda Vidaregåande skule med gode Entreprenørskapsprodukt og med flotte prisar i fylkesmessa 2019.

Til å delta på NM frå Møre og Romsdal er desse invitert:

*Evolant UB, Romsdal vgs

*Keiko UB, Atlanten vgs

*Fish on Wheels UB, Ålesund vgs

*Hypass UB, Romsdal vgs.


Elevane ved Stranda vgs har utvikla Ibsen@Hellesylt UB etter bestilling frå Næringssjef Inge Bjørdal til høgre. Sofie Berge Sæbø, Goda Tkacenkeite, Tuva Brandli Korsnes, Malene Linge-Valdal, Hanna Olin Muri, Julie Helene Aklestad presenterte produktet på lanseringsfesten.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380