Rydda i XCreek-bana

Sindre Kiviranta viser fram armeringsjarn og anna jarnskrot som han har rydda opp frå Bygdaelva i XCreek-bana i Steimsåsane.

Bygdaelva i Steimsåsane har alltid vore ein populær plass for kajakk-padlarar. Men no viser det seg at søppel av mange slag, mellom anna armeringsjarn gjer strekninga utrygg.

Til helga er der ny konkurranse i elvepadling under X2 Festivalen i Bygdaelva i Sunnylven. Men tre dagar før pågår eit arbeid med å reinske «elvebana» for farleg søppel før det heile startar laurdag føremiddag. Elvepadlar Sindre Kiviranta frå Hornindal har gjort fleire turar med kajakken sin og registrert uønska gjenstandar som han no ryddar vekk. Han har fått på land både plast, bølgeblikkplater, tauverk og ikkje minst fleire stenger med armeringsjarn.

-Dette er fårlege greier å ha i ei bane for kajakkpadling. Her kan ein lett skade både seg sjølv og utstyret. No må alle tenkje over kva vi gjer med naturen vår, det kan ikkje vere slik at vi berre lever etter «ute av auge, ute av sinn», seier Kiviranta.

Sindre Kiviranta er komen heim frå Sogndal der han er til dagleg for å hjelpe Helge Kvam Karbø med arrangementet XCreek laurdag. Då vi møtte Kiviranta var han halvferdig med å reinske i elvefaret for kajakkonkurransen, litt skuffa og litt irritert over det han måtte drage på land.

Vassføringa i Bygdaelva var kjempeflott onsdag, men værmeldinga varsla meir nedbør, fleire plussgrader og dermed auka vassføring. Det kunne føre til at konkurranen måtte flyttast, kanskje til ei elvestrekning i Hornindal, eller til eit område i Langedalselva, sa Sindre Kiviranta.

Her er litt av det andre Sindre Kiviranta har rydda opp i storsekk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380