Skaut til «Diamant»

Trym Helset med sin «Diamant». (Foto: Privat)

Trym Helset har hatt ein flott sesong som skiskyttar i Sunnylven IL. Det har gått fort i løypa og den svarte rundingen i blinken har fått kulesår stadig vekk. Spesielt god skyting viste Trym under renn på Stårheim nyleg. Fyrste dag vart det ni av ti treff og dagen etter «fullt hus», ti av ti. For det resultatet fekk han det som før vart«ugla», men som no er endra og blir kalla «Diamant».

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380