Lokalnytt

Startar vøling i Bygdetunet etter påske.

Etter påske startar restaureringa av gamlehuset i Hellesylt Bygdetun. (Foto frå arkivet)

Grunnmur og tømmerveggar på gamlestova i Hellesylt Bygdetun har roteskadar og skal reparerast. Restauratør Kåre Løvoll reknar med å starte arbeidet etter påske.

Det gamle stovehuset i Hellesylt Bygdetun er merka av år og elde. Grunnmuren på sida mot fylkesvegen har sige ut og botnstokk og andre tømmerveggar har roteskadar. Restauratør Kåre Løvoll har synfart og planlagt utbetringsarbeidet som han startar på etter påske.

Av svake ting på gamlehuset er tømmerveggen på baksida mot tunflata, seier han. Der er roteskadar som må reparerast for at huset framleis skal stå.

-Å restaurere betyr å ikkje endre på ting, men å ta veggen ned for å skifte eller reparere tømmerstokkar blir ein betydeleg jobb, og vil føre med seg endringar både ute og inne. Difor har vi kome fram til ei løysing der veggen blir forsterka med påskrudde labankar som blir skjult med ei tidsrett veggkledning, seier Løvoll.

Når det gjeld vøling av grunnmuren som har sige ut blir det gjort ved å jekke opp huset og så mure opp igjen frå grunnen av. Heile jobben reknar Løvoll saman med andre restauratørar til å bruke ein månad på.

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Hellesylt Bygdetun. Han seier at skadane ikkje har endra seg sist vinter, men er glad for at arbeidet snart kjem i gong og at dei blir utbetra. Kostnaden med restaureringa blir finansiert gjennom oppsparte middlar, fallrettsleige og gåvemiddlar frå Sparebanken Møre.

Kåre Løvoll har berga mange gamle bygg frå ruin. Her er storvehuset på husmannsplassen Kurlå ferdig restaurert.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380