Store Kvakk på plass til Hellesyltdagane

Arrangøren av Hellesyltdagane håper at Store Kvakk skal bli frisk igjen og vere på sin faste plass også i år, der han var i fjor.

Store Kvakk, den gule anda som overvakar Sommardagane på Hellesylt fekk store skadar i fjor. Nyleg vart den køyrd til «hospital», til Austefjorden for reparasjon.

Sommaren 2018 vart dramatisk for Store Kvakk. Ei tid før Hellesyltdagane, den årlege store sommarhelga vart anda plassert i sitt rette elemant, i sjøen like ved ferjekaia. Der skulle den ligge og duppe og minne folk på at «dagane» nærma seg. Der hadde den gule anda fine dagar, men til slutt vart det litt einsamt å ligge der åleine. Det var lite som skjedde tykte Store Kvakk, berre kvar gong turistferjene kom og gjekk var det litt liv og røre å sjå.

Rømde ut Sunnylvsfjorden

Så ein dag kom meldinga om at Store Kvakk var borte, den hadde slite seg frå land og var på full fart ut Sunnylvsfjorden. Ein armada med båtar sette etter rømlingen og nådde den fyrst ved Ljøen. Store Kvakk hadde god hjelp av vinden så det gjekk fort, men anda vart fanga og slepa tilbake til Hellesylt.

I møte med land langs fjorden hadde Store Kvakk fått fleire skadar. Den måtte på «legevakta» og bøtast saman, noko som vart gjort ved ein fabrikk i Høydal i Austefjorden. Der vart åtte avrivne feste reparert og i tillegg «sydd» ti sting i nakken.

Kresja i rekkverk

Tilbake på Hellesylt vart den no plassert på taket til Hydro. Der hadde den oversikt over livet i Hellesylt sentrum under Hellesyltdagane, også over alle dei tusen små av arten som kom for å konkurrere om raskaste fart ned Hellesyltfossen.

Store Kvakk strålte på taket og vart ståande i fleire dagar etter at sommarfesten var over. Det var eit landemerke der den kneisa stolt og staseleg på «Hydro-taket». Men livet høgt over gatenivå skulle få ein brå slutt då eit kraftig vindkast feia gjennom sentrum. Då rauk alt, Store Kvakk rasa sidelengs og brasa inn i eit rekkverk. Då var sommaren slutt, det vartdet ein kan kalle havari etter ei stor flenge i magen. Store Kvakk sokk saman til ein haug gul og livlaus plast. Det såg ut som at alt var over for alltid for den store gule anda, landemerke under Hellesyltdagane.

Her blir den store anda lasta på hengar av Knut Dag Langeland ved Formvac på Hellesylt for å bli frakta til Austefjorden for reparasjon.

Ekspertise i Høydal

Store Kvakk var alvorleg skada, den måtte ha hjelp frå kyndige fagfolk om den skulle overleva og få oppleve nye Hellesyltdagar. Opphavleg kom anda frå Kina, men å sende den tilbake dit var uråd. Hjelpa var heldigvis nærare, nemleg i Høydal i Austefjorden nok ein gong. Bedrifta PVC Almenningen har utstyr og kunnskap, eit «hospitalet» med kvalifisert hjelp. Nyleg vart Store Kvakk frakta til Høydal for å bli friskmeldt til årets Hellesyltdagar 5. til 7. juli.

PVC-bedrifta

Over fleire ti-år har PVC Almenning spesialisert seg på PVC-produkt, spesielt ABRA silopress er kjent og vart patentert for nokre år sidan. Dagleg leiar er Steinar Almenning og saman med Svein Gunnar Høydal driv dei to bedrifta i dag.

Stort produktspekter

I tillegg til silopress produserer bedrifta i Høydal i Austefjorden også ei lang rad andre produkt. Det blir laga stolpematter, sikring mot samanstøyt som kan skade folk, taktrekk, leveggar, akeprodukt, hengekøyer og hetter til bilhengarar for å ta med litt frå produktspekteret. Det meste kan lagast etter mål frå kunde.

Det var bestefar til Steinar, Magnar Almenning som starta det heile i 1948. Om produkta og historia til bedrifta frå starten av og fram til i dag kan ein lese på bedrifta si heimeside, https://www.pvcalmenning.no/om-oss

Medlem i arrangørkomiteen for Hellesyltdagane, Marianne Fivelstad køyrde Store Kvakk til PVS Almenning AS der Steinar Almenning til venstre og Svein Gunnar Høidal reparere Store Kvakk igjen.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380