Sunnylven og Geiranger med kvar sin prest

Sunnylven kyrkje. (Foto frå arkivet)

Frå 1861 har bygdene Sunnylven og Geiranger vore eige prestegjeld. Dei har kvar sine kyrkjer, men i snart 160 år har dei hatt same prest. Frå nyttår 2019/20 blir dette endra.

Det er prost Svein Runde i Austre Sunnmøre prosti som fortel til Sunnmørsposten at det frå 2020 blir nye samanslåingar om prestar for kyrkjelydar. Dette både på grunn av mangel på prestar, men også då nye vegar har gjort reisa tryggare mellom bygder og kyrkjer.

Stranda og Sunnylven same prest

Tidlegare hadde presten for Sunnylven og Geiranger bustad på Hellesylt. På reisa til og frå Geiranger vart det nytta båt, men av og til køyrd han også den lange vegen om Stranda, Liabygda, Eidsdal til Geiranger. No kan prestane sjølve velgje kvar dei vil bu, seier Svein Runde til avisa.

Den nye ordninga blir at Stranda og Sunnylven får ein felles prest, Geiranger og Norddal ein prest, og Liabygda og Stordal ein prest i lag. Dei nye kyrkjelege samanslåingane skal ikkje føre til færre gudsteneste, seier Runde.

Deling eller endring av Sunnylven som prestegjeld har vore oppe fleire gonger før, fyrste gong i 1963.

Historia

Fram til 1861 høyrde Sunnylven og Geiranger sokn til Norddal prestegjeld. Det året vart Sunnylven og Geiranger utskild som eit særskilt prestegjeld, Sunnylven prestegjeld. Dette vart fastsett i kongeleg resolusjon 18. mars 1861, står å lese i bygdebok for Sunnylven og Geiranger under kapittel «Kyrkje og kristenliv».

I det nyskipa prestegjeldet var ingen prestegard eller prestebustad då sokneprest Ole Barmann ut på sommaren same året kom til Sunnylven. Han fekk leige seg hus på Langeland på Nedsthaugen. Barmann fekk bygd prestegarden i Sunnylven, men den har ikkje vore i bruk i det siste.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380