Tradisjonsmat på bordet frå bygdekvinnene

Elevar frå 8. og 9. klasse hjelpte med å dekke bord og servere potetball til alle ved Sunnylven skule torsdag.

Damene i Sunnylven bygdekvinnelag kan å stelle i stand gode måltid. Det viste dei på nytt då dei serverte potetball til alle elevar og tilsette ved Sunnylven skule denne veka.

Vi kjende den gode matlukta heilt ut på gata ved kjøkkenet på Sunnylven samfunnshus. Inne var seks damer i Sunnylven bygdekvinnelag i ferd med å stelle i tand eit tradisjonsmåltid, potetball med alt godt tilbehør til alle ved Sunnylven skule.

Å lage potetballmåltid til heile skulen er eit stort arbeid. Men kokkedamer er drivne i jobben, det går greitt, fortel leiar i laget Anne Grete Hjelmeland Hole. –Det er berre å ta ein telefon og ja får du i andre enden med ein gong. Dugnad og friviljug arbeid er viktig og driv så mangt i ei lita bygd.

På kjøkkene møtte vi desse damene frå bygdekvinnelaget. Frå venstre Inghild Storstein, Randi Tynes, Anne Grete Hjelmeland Hole, Olveig Frøysa, Solfrid Frøysadal og Laila Røyrhus

På kjøkkenet stod fleire store panne med rundt 300 ferdigkokte potetball til saman, salt kjøt, pølser, kålrot og ekstra poteter. Leiaren fortel at dei hadde starta førebuingane dagen før med skrelling av poteter og kålrot og koking av kjøtet. På sjølve dagen var alle på plass frå klokka halv ni, altså tre timar før elevane kunne sesse seg til bords og eit måltid dei aller fleste såg ut til å like. Til å dekke borda i «Fossedur»-salen hadde dei fått hjelp av elevane i 8. og 9. klasse ved skulen.

Måltidet med potetball har blitt tradisjonsarrangement frå bygdekvinnelaget og blir servert annakvart år. Neste år inviterer Sunnylven Bygdekvinnelag til Kafe Snurrepiperier.

Sunnylven bygdekvinnelag er aktiv. No var det måltid til skulen, og kurs for elevar i å lage potetball. Seinare i år blir det kurs i lefsebaking for eldre «elevar». Og så blir det utflukt for medlemar og andre til Røros 30. mai. Det kjem orienteringsskriv om denne turen seinare, opplyser Hjelmeland Hole.

Konrad Lade var ein av fleire som lika potetball.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380