Tradisjonsmatskulen
På potetballdagen ved Sunnylven skule fekk elevane i 8. og 9. klasse vere med på å lage potetball. Og det var ikkje «juksepotetball», men av poteter, skrella og raspa.
Tradisjonsmatskulen er eit prosjekt i Norges Bygdekvinnelag med mål om å lære mellom anna born og unge om mattradisjonar og matkultur.
-Sunnylven bygdekvinnelag har i mange år servert potetball til elevar og tilsette ved Sunnylven skule. I høve tradisjonsmatskulen fekk vi ideen om å lære to klassetrinn ulike måtar å lage potetball på. I år inviterte vi elevane frå 8. og 9. klasse, 13 i alt til å vere med å lage potetball. Vi delte dei i to grupper og laga potetball slik den har blitt laga av raspa poteter. Dei var både flinke og læreviljuge, fortalde leiar i bygdekvinnelaget Anne Grete Hjelmeland hole.
Oppskrifta.
Her er oppskrifta for den som vil lage ekte potetball, til tre personar:
Poteter: ca. 800-1000 g.
Byggmjøl: 2 dl.
Kveitemjøl: 2-3 ss.
Salt: 1ts.
Evt. Dott av flesk eller ein bit av mør.
Rasp eller mal potetene. Bland i resten av ingrediensane. Prøv deg fram med ein ball. Om røra er for tynn, juster med meir kveitemjøl. Kokast i kraft ca. 45. minutt. Server med: Salt kjøt, pølse, steikt flesk, kålrot, gulrot, poteter, sirup, saft, sur eller søt mjølk.