Turistferja Bolsøy på veg til Geiranger

Turistferja Bolsøy er pynta opp og klar for ein ny sesong mellom Geiranger og Hellesylt frå 1. april. (Foto frå arkivet)

Fjord Cruise Geirangerfjorden startar opp ferjeruta mellom Geiranger og Hellesylt måndag 1. april. Laurdag ca. 14.30 var turistferja Bolsøy i Storfjorden, nesten ved Stranda på veg til Geiranger.

Måndag 1. april startar turistferja Bolsøy på ein ny, lang sesong med frakt av turistar og køyretøy mellom dei to turiststadane Geiranger og Hellesylt. Den fyrste månaden går ferja frå Geiranger kvar dag kl. 09.30 til Hellesylt med tre turar dagleg. Dette aukar frå 1. mai til fire turar fram til 20. mai då også turistferja Veøy er tilbake for å «pløgjer» Verdsarvfjorden. Frå då og fram til 11. september blir det åtte turar dagleg mellom Hellesylt og Geiranger, før det resten av sesongen blir cruise med ei ferje og færre turar igjen. Og som i fjor varer sesongen ut oktober månad.

Billettprisane på turistferja har auka frå i fjor. Ein personbillett kostar 295.-, for vanleg privatbil 610.-, og for bil med inntil fem personar 1175.-. For bussar varierer prisane frå 1650.- til 2900.- alt etter storleik.

Gamle, gode Bolsøy har vore på verkstad og fått si årlege oppussing både maskinelt og utsjånadsmessig. Den er i tipp topp stand framfor sesongen, fekk vi opplyst på telefon frå mannskapet om bord. Rundt kl. 17.00 i dag laurdag 30. mars legg båten til kai i turistbygda Geiranger igjen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380