Lokalnytt

Ulempene større enn nytten av kraftutbygging

Haugedalen er del av eit relativt stort høgfjellsområde med urørd preg, skriv Departementet.

Departementet sitt avslag på konsesjon for utbygging av to kraftverk i Sunnylven, Langedalselva kraftverk og Hauge kraftverk kom overraskande. NVE stadfesta konsesjonen to gonger.

Det var Stranda Energi AS som gjorde avtale med fallrettseigarar til Langedalselva og Haugedalsvassdraget og søkte NVE om konsesjon.

I januar 2016 vart det halde ope folkemøte om saka på Sunnylven samfunnshus med representantar frå NVE og SFT nett til stades. I juni same år foretok NVE synfaring i terrenget med fleire berørte til stades. Året etter i mai 2017 gav NVE så konsesjon for utbygging av Røyrhus kraftverk, Langedalselva kraftverk, Hauge kraftverk og ny overføringslinje Tryggestad – Tomasgard i Hornindal.

Det kom inn motsegn på vedtaket om konsesjon frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Ytre Sunnmøre lokallag av Norsk Ornitologisk foreining/Sunnmøre Ringmerkingsgruppe.

NVE vurderte klagene som kom inn, men fann ikkje grunn for å gjere om sitt vedtak og sende saka til Departementet i brev av 4. januar 2018 for endeleg avgjerd. 15 månader seinare kom svaret der Departementet gjer om vedtaket til NVE, til sitt eige forvaltningsorgan i vasskraftsaker og avslår løyve til konsesjon for Langedalselva kraftverk og Hauge kraftverk.

Går mot sitt eige forvaltningsorgan

Vi har fått tilgang til argumenta som Departementet brukar om avslaget til Hauge kraftverk for i gjere om konsesjonstildelinga frå NVE. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i dagens form vart grunnlagt i 1921, er underlagt Olje- og energidepartementet og har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane til landet.

Fordeler

Departementet skriv at den viktigaste samfunnsnytten med Hauge kraftverk vil vere produksjon av fornybar energi. Ein tredel av produksjonen på 13.6 Gwh er vinterkraft og tiltaket vil kunne ha positive konsekvensar for lokalt og regionalt næringsliv. Vidare kan utbygginga bidra til inntekter til Stranda Energi AS, grunneigarar og Stranda kommune.

Ulemper

Men «fordelene ved tiltaket skal overstige skader og ulemper ved tiltaket for allmenne og private interesser», meiner Departementet. Prosjektet si inntektsside inngår i departementet si samla vurdering, saman med andre ulemper som miljøverknader, manglande nettkapasitet, ulemper «ved at det rør ved eit høgfjellsområde som er del av eit relativt stort fjellområde med urørt natur». Det blir også sår i landskapet etter anleggsveg, og to hekkande fossekallpar vil bli råka av utbygginga, heiter det.

Etter ei samla vurdering finn Det Kongelege Olje –og Energidepartement at skadar og ulemper ved utbygging av Hauge kraftverk er større enn fordelane og nytta. Difor gjer Departementet om NVE sitt vedta om å gje løyve til Hauge kraftverk til avslag.

Her er Departementet sin kortversjon av vedtaka

Langedalselva kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal

Departementet har omgjort NVEs konsesjon til Langedalselva kraftverk til avslag. Kraftverket ville bidratt med en årlig produksjon på inntil 20,5 GWh. Departementet mener at en utbygging ville medføre for store ulemper for naturmangfold og andre interesser og at de samlede kostnadene er høye.

Røyrhus kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal

Departementet har opprettholdt NVE tillatelse til Røyrhus kraftverk. Kraftverket vil kunne bidra med en årlig produksjon på 6,4 GWh. Departementet har lagt vekt på at Røyrhus kraftverk, selv om kostnadene er høye, vil ha svært begrensede konsekvenser for allmenne interesser.

Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal

Departementet har omgjort NVEs konsesjon til Hauge kraftverk til avslag. Kraftverket ville bidratt med en årlig produksjon på 13,6 GWh. Departementet mener at en utbygging ville medføre for store ulemper for landskap og andre interesser og at de samlede kostnadene er høye.

Langedalselva har i enkelte samanhangar blitt omtala som eit vassdrag med fossesprut og blåklare kulpar, men er lite synleg grunna frodig vegitasjon i området.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380