Lokalnytt

Vestandsfanden til Hellesyltdagane

Folk-rock-bandet Vestlandsfanden kjem til Hellesyltdagane i juli. (Foto: Marthe Amanda Vannebo)

Eitt av norges hardtarbeidane folk-rock-band, Vestlandsfanden spelar under utedans på årets Hellesyltdagar laurdag 6 juli. Der blir det også gjenhøyr med trubaduren Tico i pausar.

No er det klart, fortel Ramazan Øcal på telefon. Han er ansvarleg arrangør av festivaldansen også i år. Vestlandsfanden er hyra inn for å skape stemning for danseglade under årets Hellesyltdagar. Det blir ikkje «hela i taket» som det ofte heiter når gode, kjende danseband spelar opp, for dansen under Hellesyltdagane laurdag 6. juli foregår i år som dei to siste åra utandørs. Sjølv om det sjeldan regnar under sommardagane på Hellesylt så er der ikkje tak over bygda, men nesten alltid ein høg, skyfri og blå himmel.

På området ved utescena i sentrum av Hellesylt skal det setjast opp stort festivaltelt med tilhøyrande dansegolv. Området blir inngjerda under dansen laurdag kveld.

Vestlandsfanden er Norges eldste rocke-band. Det vart starta i 1979 av Reidar Brendeland og Øyvind Staveland. Sidan har besetninga skifta fleire gonger, men Reidar Brendeland er framleis frontfigur og trakterer gitar i tillegg til vokal. Med seg har han Andreas Berg gitar, Kay Henriksen Hole bass, Thomas Dulsrud slagverk, Arne Martinussen tangentar og Olaug Furusæter fele.

Vestlandsfanden har vore nominert til Spelemannsprisen fleire gonger, gjeve ut eit stort antall plater og har topplaseringar på musikkprogrammet Norgestoppen. Bandet har spela i radio og fjernsyn, har hatt suksess i Sverige og på festivalar i Danmark. Også ein tur til Hongkong i 2001 vart suksess og mora danseglade kinesarar. «Plukka plommor i Hardanger» og «For livets glade gutter går solen aldri ned» er av dei aller mest kjende låtane frå Vestlandsfanden.

https://www.youtube.com/watch?v=cGrC_bN_WF8

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380