Årsmøte i Venneforeininga Hellesylt Bygdetun

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun treng vedlikehald, eit arbeid som skal utførast i løpet av våren og sommaren.

Det vart rikeleg med marsipankake og kaffi på årsmøtedeltakarane i Venneforeininga Hellesylt Bygdetun. Av totalt 115 medlemer møtte seks personar på årsmøtet.

Venneforeininga heldt årsmøte i nye-huset i Hellesylt Bygdetun tysdag 2. april. Her vart det lagt fram årsmelding og rekneskap som stadfesta normalt god aktivitet. Av arrangement siste året var det spesielt olsokstemne som samla mykje folk. Der var underhaldning med tilbakeblikk på gardshistoria til Lillegjerdet, musikkinnslag og sjølvsagt sal av rjomegraut.

Medlemer i Venneforeininga deltok på dugnader i Bygdetunet i 2018, og det vart sendt ut julehelsing med attersyn frå året til alle medlemer. Venneforeininga hadde 115 betalande medlemer i 2018.

Tal frå rekneskapen viste at foreininga har god økonomi med vel 148.000.- kroner på bankkonto ved nyttår. Inntektene har kome frå årskontingent og olsokstemne. Medlemskontingenten for 2020 vart vedteken uendra, kr. 100.-

Val

Styret har hatt flat struktur siste året:

Kontaktperson: Marit Ljøen

Sekretær: Eldrid Skrede

Kasserar: Odd Jostein Bjørdal (på val)

Styremedlem: Astrid Langeland (på val)

Styremedlem: Arne Ringdal

1.varamedlem: Trond Åge Dyrkorn.

Dei som stod på val tok attval for eitt år. Dermed står heile styret og varamedlem på val neste årsmøte.

Gamlestova

I Bygdetunet skal gamlestova restaurerast. Det er Stiftinga Hellesylt Bygdetun som har ansvar for dette vedlikehaldet, men Venneforeininga vil hjelpe både med dugnad og økonomisk, vart det opplyst. Deler av grunnmuren under gamlestova skal rettast opp og rotne bunnstokkar av tømmer skal skiftast ut. Også eine veggen er dårleg og skal vølast på. Det er restaureringssnikkar Kåre Løvoll og medhjelparar som skal utføre arbeidet som etter planen skal starte over påske/fyrst i mai.

Til slutt på årsmøtet i Venneforeininga Hellesylt Bygdetun viste Arne Ringdal bilete med kommentarar frå utviklinga i Hellesylt sentrum frå ca. 1880 og 50 – 60 år framover.

Det vart rikeleg marsipankake og kaffi på dei frammøtte på årsmøtet i Venneforeininga. Og kaka var både fin og god.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380