Bygdekvinnelaget inviterer til turoppleving

Slagghaugane og kyrkja er dominante på bilete frå Røros. Heilt til høgre ser vi litt i museet i bergstaden.

Sunnylven bygdekvinnelag i samarbeid med Ingers Trans inviterer medlemer og andre til tre dagar opplevingstur til bergstaden Røros.

«Velkomne på tur», skriv Sunnylven bygdekvinnelag og Ingers Trans. Dei har eit tre dagars turopplegg klart, frå Hellesylt til Røros og tilbake. I tillegg ein liten tur over til Sverige for litt handel og svensk lunsch, står det i programmet.

Turen er for alle uansett om ein er medlem i bygdekvinnelaget eller ikkje. Alle som har lyst å vere med på vårtur til Røros må ringe til leiar Anne Grete Hjelmeland Hole, eller styremedlem Anne Marie Sømoen Frøysa, eller Ingers Trans snarast. Det hastar, for påmeldingsfrist er 30. april grunna avtale og innsjekk på Bergstaden Hotell, Røros.

Programmet er i kortheit:
Avreise frå Hellesylt torsdag 30 mai kl. 09.00 og framme på hotellet ca. kl. 17.00. Dagen etter er det «svensketur», handel og lunsch før retur til Røros. Tredje og siste dag, laurdag 1. juni er det heimreis med gardsbesøk på Gålåvolden gard. Tilbake på Hellesylt ca. kl. 19.45.

Prisen inkluderer reise, overnatting med frukost og middag. Kr. 2.200.- for medlemer (i dobbeltrom), Ikkje medlemer kr. 2.950.-, tillegg for enkeltrom kr. 1.000.-.

Påmelding snarast og seinast tysdag 30. april til:
Anne Marie S. Frøysa, mob. 988 46 226

Anne Grete Hjelmeland Hole, mob. 418 46 683

Ingers Trans e-post: info@ingerstrans.no  mob. 404 51 333

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380