Byggjer ut på Øvre Ljøen

Ved konsertamfiet blir det kiosk med sal av øl, vin og andre produkt frå garden under tilstelningar.

Øvre Ljøen fjellgård førebur seg til turistsesongen, og ved amfiet blir eit nytt bygg, ein salskiosk reist.

Konsertsesongen ved Fjellgården Øvre Ljøen amfi startar laurdag 15. juni med Vangsgutane på scena. Og publikum får fleire gobitar ut over sommaren frå utescena der bakteppet bak artistane er storslagen natur med fjella og Verdsarvfjorden.

Ei veke etter Vangsgutane, laurdag 22. juni kjem Amund Maarud og vokalist Malin Pettersen, og 6. juli er ein god, gamal kjenning tilbaka, nemleg trubadur Egil Olsen. Billettar til konsertane kan kjøpast på nettet. Gå til www.bonseye.org

Med gode konsertar, beitande Lama nær gardstunet og storfelt natur er der mykje å oppleve for fleire sansar på Øvre Ljøen så dit er det verd å ta ein tur i sommar. På garden blir det også produsert fleire produkt, mellom anna vin frå fleire sortar bær.

I desse dagar nærmar det seg fullføring av ein salskiosk der fleire gardsprodukt, mellom anna vin og andre forfriskingar skal seljast. Kiosken på ca. 12 kv.m. og plassert nær amfiet, den blir kledd med villmarkspanel og får torv på taket, fortel Ole Hjalmar Bonsaksen som saman med bror Magne har utført byggverket.

Ein liten kaffipause i vårsola for dei to snikkarane, Magne til høgre og Ole Hjalmar Bonsaksen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380