Lokalnytt

Contrazt på veg til Hellesylt

Dansebandet Contrazt, frå venstre Hans Olav Trøen, Svein Morten Haugerud, Gro Anita Dybendal, Leif Dybendal, Kay Ronny Brobakken.

Dansebandet Contrazt er klare for tur til Hellesylt palmelaurdag. Dei gledar seg veldig til å møte danseglade i Sunnmørsbygda igjen.

Eitt av Norges mest populære danseband, Contrazt blir å høyre på Sunnylven samfunnshus laurdag 13. april. Etter at Bygdarane har showa ferdig med programmet sitt, når servering, kaffi og andre forfriskingar er inntekne blir salen rydda for dansegale med Contrazt på scena.

Dansebandet med fem speleglade kjem frå traktene rundt Mjøsa, Hedmark, Oppland og Akershus. Bandet var på Hellesylt og spela på Grendakvelden med stor suksess også i fjor, og ønskja vart mange om å få gjenhøyr også under årets bygdafest. Arrangøren Hellesylt Ungdomslag hyra dei inn, og om få timar fyrer dei opp sine bandbilar og legg ut på turen over fjella.

Medlemer i dansebandet Contrazt er: Leif Dybendal gitar og song, Gro Anita Dybendal song, Kay Ronny Brobakken trommer, Hans Olav Trøen bass, og Svein Morten Haugerud keyboard, trekkspel og saksofon. Contrazt jobbar no med innspeling av ei ny plate som kjem ut til rundt jonsok.

På telefon fortel Hans Olav Trøen at dei er klare for Hellesylt, Dei gleder seg veldig til eit nytt, triveleg møte med danseglade på Hellesylt og Ungdomslaget som i fjor var både dyktig og hjelpsam arrangør. -Det blir veldig moro å ta turen til Hellesylt igjen, vi gleder oss masse, for sunnmøringar er kjempeflinke til å lage god stemning, sa Hans Olav Trøen.

Hellesylt Camping er no opna for besøkjande, bubilar og campingvogner. Ring mob. 951 25 556

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380