Lokalnytt

Departementet sine konsesjonsvedtak

Regulering av Haugedalsvatnet (juni) rør ved eit stort urøyvd fjellområde, skriv Departementet. Samstundes skriv dei at ei regulering betyr lite for energiproduksjonen ved Hauge kraftverk.

Olje –og energidepartementet sitt avslag på bygging av Langedalselva kraftverk og Hauge kraftverk kom uventa. Mange ønskjer å lese grunngjevinga for avslaga.

Her er Departementet si utgreiing og vedtak for konsesjonsnekt til Hauge kraftverk og Langedalselva kraftverk, og for Røyrhus kraftverk som fekk behalde NVE si tildeling av konsesjon. Lenkene er henta frå Postlista til Stranda kommune.

Langedalselva kraftverk;

Departementet sitt vedtak:

-Motsegna frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og klagene frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Sunnmøre Ringmerkingsgruppe og Per Ingebrigt Karbø blir tatt til følgje. Departementet gjer om NVE sitt vedtak om å gi løyve til Langedalselva kraftverk til avslag.

https://innsyn.onacos.no/stranda/wfdocument.ashx?journalpostid=2019003774&dokid=248723&versjon=1&variant=A&

Hauge kraftverk;

Departementet sitt vedtak:,

-Klaga frå Sunnmøre Ringmerkingsgruppe blir teken til følgje. Departementet gjer om NVE sitt vedtak om å gi løyve til Hauge kraftverk til avslag. https://innsyn.onacos.no/stranda/wfdocument.ashx?journalpostid=2019003766&dokid=248713&versjon=1&variant=A&

Røyrhus kraftverk;

Departementet sitt vedtak:,

-Klaga frå Sunnmøre Ringmerkingsgruppe blir ikkje teken til følgje. Departementet opprettheld NVE sitt vedtak om å gi løyve til Røyrhus kraftverk. https://innsyn.onacos.no/stranda/wfdocument.ashx?journalpostid=2019003773&dokid=248721&versjon=1&variant=A&

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380