Lokalnytt

Det grøne skiftet til Sunnylvsbygda

Den 42. grendakvelden med arrangør Hellesylt Ungdomslag er over. Palmelaurdag var det Bygdarane som sytte for underhaldninga og etterpå fekk dansebandet Contrazt mange danseglade i god stemning i storstova i Sunnylven.

Det grøne skiftet og lavkarbo var tema, men bygdarane har ikkje tru på det. I følgje miljøekspertar er dalføret mellom dei verste når det gjeld miljøforureining, dieseltraktorar , husdyr, ja til og med når bygdarane reiste på ferie vel dei verst forureinande framkomstmiddel. Så gale er det at enkelte har kjøpt seg miljøkvoter, i følgje betraktningar frå ein av bygda sine lokalpolitikarar som innleia frå scena palmelaurdag.

Bygdarane har lita tru på at det grøne skiftet kan redde verda, sa Geir Frøysa i nokre frimodige betraktningar.

Om bygdarane ikkje er dei beste i miljøsaker, greidde dei seg i alle høve godt som programskaparar. Det vart nær nitti minutt med litt av kvart, folkeleg truskuldig humor. Inn i mellom kom «heimesnikra» songar med versestrofer der «hjarte banka for heimbygda».

Den «raude» tråen i programmet var nok Det grøne skiftet, men det vart også myldra kring anna dagsaktuelt. Sjølv om mykje var bra i Sunnylven, var nok ikkje alt heilt på stell. Ein gjengangar mellom sketsjane var mangelen på turistkontor der det kom både norske og framandspråkelege turistar og ønska både mat og overnatting, men svaret var alltid negativt. Gode aktørar fekk mykje moro ut av ein viktig og etterlengta servicefunksjon for turistbygda.

 

Gunn Elise Gjeldsvik får besøk av ein turist (Barbro Lade)

Av andre sketsjar med gode poeng var reisa frå Vollset til Hellesylt. Bygda har blitt eit fleirkulturelt samfunn med tilflytting, både frå utland og innland. Etter ei oppteljing der også næringssjefen var truverdig vitne sat Bygdarane att med eitt reint innfødd ektepar.

Innfødde var ikkje dei to som var komne for å fiske og jakte i bygda. Det vart mange lystige opplevingar, feilskyting og anna fanteri. Men dei hadde hatt det steikje moro, noko også publikum tykte var artig på høyre om.

To jegerar og fiskarar, Hanne Kvamme og Ottar Frøysa Hellebostad fortel om store opplevingar til Gunn Elise Gjeldsvik.

Publikum som fylte storstova på Hellesylt laurdag kveld fekk også oppleve eit besøk av Helsesista på Hellesylt, det vart ein tur innom ein aldersheim med litt urolege bebuarar, og det vart eit «fjøsbesøk» der den nye tid med mellom anna elektronikk og appar var teke i bruk.

Å gje ein dekkjande omtale av programmet på ein grendakvelden der det myldra av gode poeng frå gode aktørar er vanskeleg. Difor har vi heller ikkje teke fram namn, men vi slår fast at det var eit variert og godt program frå den grøderike bygd også denne gongen. At lyden ikkje var av beste kvalitet var litt synd og bør rettast på til seinare arrangement.

Unge, gode aktørar, Simen Frøysa Hellebostad, Bertine Lade og Anna Storstein Forbord.

Og at det gror meir i Bygda enn gras og skog kan vi slå fast. Dei mange unge aktørane på scena denne gongen imponere oss i song og musikk og var gode i andre innslag. Slike flinke ungdomar sender gode signal til arrangøren Hellesylt Ungdomslag.

Dei einaste «reinrasa» ektefolk i Bygda vart presentert på scena laurdag.
Bertine Lade (gitar) og Kristin Storstein
Dansebandet Contrazt på scena i Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380