Notiser

Dugnad i Sunnylven barnehage

DEn nye sandkassa i Sunnylven barnehage med ein flott naturstein, henta frå Moldskreddalen.

For rundt to veker sidan var det dugnad i Sunnylven barnehage. Gjennom hellesylt.info fortel styrar Bodil Tronstad Lie om arbeidet og takkar foreldra så mykje.

-Eg ynskjer å takke barnehage-fedre som har stilt opp på dugnad i Sunnylven barnehage for å lage ei ny sandkasse. Særskilt takk til Jørn Stadheim og Kristoffer Frøysa for godt samarbeid og idear og som brukte ein kveld på å bygge ein karm av furustokkar rundt ein kjekk stein som Jørn kom med i haust. Den eine enden av sandkassa har stubbar i ulike høgder som ein kan nytte til å klatre på eller om ein treng ei flate til ymse sandkasseaktivitetar.

Flott innsats også frå dei andre som kom og flytta sand, kosta og fjerna rusk og rask, saga ned avbrotne furutre, kappa og kløyvde til ved med både øks og vedakløyvar. Vi har fått mange fine kommentarar frå fornøgde barn og personale. Foreldre har poengtert at det blir ekstra kjekt når alt er av naturmateriale, og aller best – lokalt produsert.

Helsing

Bodil Tronstad Lie

Styrar

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380